Ønskjer å utfordra
Kommunane treng arkitektane si samfunnsbyggjarrolle, meiner arkitekt og ny byplansjef i Oslo, Siri Gauthun Kielland.

Siri Gauthun Kielland (57)
- Tiltredde i jobben som byplansjef i Oslo 1. september
- Utdanna sivilarkitekt frå NTNU
- Bur på Kløfta utafor Oslo
- Har mastergradkurs på Institutt for urbanisme ved AHO
- Har hatt sentrale leiarroller i fleire austlandskommunar sidan 2002: nye Lillestrøm kommune, Sørum, Ullensaker og Lørenskog
Som fersk byplansjef i Oslo kommune, overtar sivilarkitekt Siri Gauthun Kielland ein av Noregs mest slagkraftige byutviklingsjobbar. Kielland avløyser Ellen de Vibe, som sat i 18 år. Då de Vibe takka for seg, blei jobben ei åremålsstilling.
– Kva slags byplansjef er du? Og kva meiner du din bakgrunn som arkitekt vil ha å seia for dei neste seks åra?
– Dette er ein jobb som er sterkt relatert til det å vera arkitekt. Eg blei faktisk spurt på intervjuet om eg hadde synspunkt på kva yrkesbakgrunn eller kva slags utdanning ein burde ha med seg i bagasjen inn i denne jobben. Eg var veldig tydeleg på at eg meiner at det er ein styrke å ha ein arkitekt.
– Kvifor det?
– Det er noko med det allsidige i utdanninga vår, trur eg. For den er faktisk allsidig. Den har ein innfallsvinkel både på dette med planlegging, men også det med å kunna forstå volum, utforming, materialbruk, tekstur, heile pakka. Også dette tilsnittet til landskapselement, forklarer Kielland.
Den nytenkjande arkitekten
Arkitektbakgrunnen er altså ein klar fordel, ifølgje Kielland, som kjem frå sentrale leiarroller i fleire mellomstore kommunar på Austlandet.
– Eg har blitt spurt mange gonger, både som direktør i Ullensaker, men også som rådmann i Sørum, kvifor eg ikkje vil bruka utdanninga mi? Eg har påpeikt at det gjer eg jo kvar dag uansett. Fordi det er noko med samfunnsbyggjarrolla som ligg grunnleggjande i arkitektutdanninga. Så eg synest eg har fått brukt meg sjølv mykje som arkitekt, det synest eg faktisk at eg har. Me har gjerne ein kreativ legning med oss – den er det god bruk for i kommunal leiing rundt omkring, det kan eg lova deg.
– På kva måte då?
– Det å vera open for endringar, vera nytenkjande, sjå nye moglegheiter, seier Kielland.
Arkitektane kan utfordrast
Kielland har nokon synspunkt på samanhengen mellom etterspurnad etter bustader, byggjeboom og bukvalitet i Oslo.
– Synest du det blir det bygt nok gode bustader i Oslo i dag?
– Eg tenkjer at me ser litt av begge delar. Me har bustader med gode kvalitetar. Det me jo ser, er at det er veldig mykje som er likt, ein tenkjer ganske likt. Det blir litt sånn typologisk, på ein måte, og det synest eg er litt trist, fordi det burde vera plass til fleire former for utforming av bustadbygg.
– Har du noko konkret eksempel på det?
– Eikvar tid finn si form, sitt uttrykk. Kanskje skulle me vore litt flinkare til å utfordra det biletet, og tenkja litt meir mangefasettert.
– På kva måte?
– Eg tenkjer både på form, men også på materialbruk. Også fargar, ikkje minst.
– Kva kan du som byplansjef gjera med det for å sikra bustadkvalitet?
– Eg vil gjerne vera med på utfordra diskusjonen.
– På kva måte?
– Det er noko med å bidra til ein debatt og ein dialog, kor ein kan utfordra det beståande littegrann. Det likar eg godt å gjera.
– Og kva er det beståande?
– Nå hadde me fokus på dette med utforming av bustadbygg, blant anna. Kan me tenkja nytt?
– Og kva bør arkitektar tenkja på og utfordrast på? Utforming, buformer eller estetikk?
– Arkitektstanden er jo godt skodd for å tenkja nytt, og det går både som eg sa om volum, fasadeuttrykk, materialbruk og så vidare. Men det er jo alltid ein oppdragsgjevar der. Ein tenkjer ofte safe. Kanskje har me som arkitektar ei spesiell rolle med tanke på å vera nytenkjande, forklarer Kielland.
Kommunen som samtalepartnar
For å sikra bukvalitet, kan arkitekten vera god bidragsytar med tanke på å henta med seg eigedomsutviklarane til å tenkja nytt, ser Kielland. Kommunen bør vera ein god diskusjonspartnar, meiner ho.
– For kva rolle tar kommunen då – det vil seia du?
– Det å vera ein sparringspartnar, synest eg er ei viktig rolle for kommunen å ta, seier Kielland.
– Det å vera ein god sparringspartnar og samtalepartnar med tanke på val, det er kjempeviktig. Og ein ting er at ein lagar god vegleiarar, men det som er viktig er at dei blir brukt.
– Er du på pisk eller gulrot frå kommunen si side?
– Hahahahaha! Nei, sånn reint erfaringsmessig så er eg veldig, veldig glad i å få til ein god dialog. Då har eg flyt i arbeidskvardagen min og kan diskutera dei gode løysingane rundt utvikling av prosjekt, og vera med å bidra som ein part inn i ein samtale rundt utvikling.
Arkitekten sin ballast
Kielland meiner det er viktig at arkitektane uttalar seg i offentleg ordskifte.
– Kva kan arkitektane bidra med?
– Me har jo ein fagleg ballast med oss, som er samansett. Den innfallsvinkelen, med den samansette ballasten, gjer at me ser nokon samanhengar og har nokon tankar rundt dei samanhengane som er viktige å få med, seier Kielland.