Vekst for Arkitekturdagen
Fredag går Arkitekturdagen av stabelen i Oslo. Då skal temaet nedvekst undersøkjast med arkitektonisk presisjon.

Rundt 700 er påmeldte fagdagen til Norske arkitekters landsforbund (NAL), Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) og Norske landskapsarkitekters landsforbund (NLA). Årets Arkitekturdag samarbeider med festivalen Oslo arkitekturtriennale, og er derfor lagt til hovudstaden. Sidan såkalla berekraftig vekst på sitt beste resulterer i økologisk taco på kjøpesenteret, skal både triennalen og Arkitekturdagen undersøkja ei framtid der arkitektur og byutvikling ikkje forutset evig økonomisk vekst og uttømming av naturressursar.
Ingen vil ha mindre
Prosjektleiar for Arkitekturdagen 2019, Birgitte Skjerve, trur nedvekst engasjerer arkitektane.
– Kvifor fengar temaet?
– Klimakrisa har fått mykje merksemd, spesielt i år, noko me nok kan takka Greta Thunberg for. Det skuldast kanskje også fordi me stiller eit provoserande spørsmål. Nedvekst er i seg sjølv eit negativt ladd ord, fordi det er jo ingen som vil ha mindre. I løpet av konferansen skal me sjå nærmare på kva dei som jobbar med nedvekst meiner med omgrepet – og kva konsekvensar det kan få og kva moglegheiter det kan gi, seier Skjerve.

Vil løfta blikket
Jørgen Randers, professor i klimastrategi ved BI, og fleire samfunnsøkonomar skal diskutera kva og korleis arkitektar kan bidra til å løysa klimakrisa. Nils Ove Kildahl og Sille Askefrø Bjørn, Jo Taillieu og Peter Barber er blant arkitektane som skal halda føredrag, og skal gi sine perspektiv på tema som bybustader, konvensjonar og urbanisering. Mot slutten av dagen skal dessutan Arkitekturprisen 2019 delast ut. Dei 13 nominerte prosjekta finst i ulike delar av landet.
Det er ifølgje NAL framleis mogleg å melda seg på Arkitekturdagen.