Stiller ut Ibsen-forslag i Skien
Seks arkitektforslag for det nye Ibsenbiblioteket i Skien sentrum er klare. Plansjane blir nå stilt ut i Stockmandgården.

Seks ulike arkitektforslag for det nye Ibsenbiblioteket er teikna ut til to ulike tomter i Skien. På nyåret skal juryen velja ut éin vinnar for høvesvis Kulturkvartalet og Meierikvartalet. Kengo Kuma og MAD, Snøhetta, Transborder Studio, Schmidt Hammer Lassen, Atelier Oslo og Lund Hagem samt Helen & Hard står bak forslaga.
─ Høgt nivå
─ Det er prosjekt levert på eit høgt nivå, kommenterer Berit M. Iversen i Børve og Borschenius til Telemarksavisa.
─ Med prekvalifisering i forkant er det gjort eit godt stykke arbeid allereie. Nå bruker me tid på å trengja gjennom forslaga og testa dei i ulike settingar. Oppgåva er å finna prosjektet som har det beste utgangspunktet for å utvikla seg vidare, seier Iversen til avisa.
Skal avgjerast i mars
Juryen består ifølgje Telemarksavisa av ordførar i Skien Trond Ballestad, varaordførar Trude Tvedt, Emilie Schäffer (for opposisjonen), kommunalsjef Karin Finnerud, biblioteksjef Henriette Stoltz, prosjektleiar for Ibsenbiblioteket Gunn Marit Christenson, Anette Storli Andersen (fagrådgjevar Ibsen), plansjef i Skien kommune Olav Backe-Hansen, arkitekt MNAL Jan Erik B-J Rossow, arkitekt MNAL John Arne Bjerknes og arkitekt MNAL Berit M. Iversen. Arkitektkonkurransen er hemmeleg.
Formannskapet får ifølgje Telemarksavisa saka 28. januar, medan bystyret i Skien skal gjera det endelege vedtaket om tomt 5. mars.
Desse leverte forslag til Kulturkvartalet
- Kengo Kuma/MAD (Japan/Noreg)
- Snøhetta (Noreg)
- Transborder Studio (Noreg)
Kjelde: Telemarksavisa

Desse leverte forslag til Meierikvartalet
- Schmidt Hammer Lassen (Danmark)
- Atelier Oslo/Lund Hagem (Noreg)
- Helen & Hard (Noreg)
Kjelde: Telemarksavisa



