Bygningsvern

Brå betong

Brutalismen er elska og hata. Kvifor framprovoserer dei nye kulturminna så sterke kjensler? 


Fra papirutgaven Arkitektnytt 01/2020
Seniorkurator ved Nasjonalmuseet, Talette Rørvik Simonsen, arbeider med ei utstilling om arkitekt Erling Viksjø sitt samarbeid med kunstnarar i mange ulike prosjekt, der Y-blokka er eitt av fleire viktige verk. Foto: Hanna Maria van Zijp

Brutalisme

  • Brutalismen (1955–1970) er ei grein av modernistisk arkitektur som trassar den meir dekorative typen med røter frå tidleg modernisme og art deco.
  • Stilarten er eit forsøk på å konkretisera modernismen sitt moralske imperativ og opprinnelege bodskap.
  • Under den tidlege modernismen heldt Le Corbusier på med det rå, grove og naturlege. Derfor har brutalistiske bygg enkle, geometriske bygningskroppar og kompromisslaus, ærleg materialbruk med synlege konstruksjonar som formgivande element.
  • Tidlegaste eksempel på brutalistisk arkitektur var Hunstanton-skulen i Norfolk (1949–1954), teikna av det engelske arkitektparet Alison og Peter Smithson. 

Kjelder: Lars Erik Brustad Melhus, Talette Rørvik Simonsen, John Grindrod og Store norske leksikon. 

Sjølv om sola skin på Bergen rådhus, reflekterer det regn. Uansett kor stileg elvegrusen er, blir den avvisande og grå. Kanskje det er derfor arkitekt Erling Viksjø si bergenske høgblokk nyleg blei kåra til byens styggaste bygg. For der funksjonalismen fekk sin renessanse i ferdighus for nyrike, slit brutalismen med det store comebacket. Betong med spor etter forskaling har vist seg vera direkte provoserande. Assosiasjonar til finsk fjernsynsteater, sovjetiske sanatorium eller berre moderat vinterdepresjon er kanskje ennå litt for sterke for folk flest. 

Arkitektonisk velferdsoptimisme

Brutalistiske bygg har nå nådd ein alder kor samfunnet må gjera opp status. For like sterkt som hatet er kjærleiken til eit estetisk uttrykk som ville famna alle borgarar. Den smale tilhengjarskaren elskar ærleg materialbruk, prefabrikkerte betongelement og synlege sjakter. Sjølv om resultatet ikkje alltid var veldig jovialt, skulle brutalismen vera som eitkvart kommuneslagord, altså open, ærleg og engasjert. Brutalismen var demokrati, gjenreising og velferdsoptimisme. For å effektivt kunna byggja opp Europa etter krigen ville brutalistiske arkitektar tilbake til den originale modernismen, før den blei korrumpert av det pastellfarga, pussa og polerte.

Den tøffe brutalismen

– Brutalismen var for arkitekturen det rocken var for ungdomskulturen i etterkrigstida. 

Det seier Lars Erik Brustad Melhus, ein av svært få unge arkitektar som har skrive diplomoppgåve om brutalismen si rolle i norsk arkitekturdebatt. 

– Brutalismen er imot noko. Den skulle opponera mot det falske og forfina, dei småborgarlege småruta vindauga og saltaka. Brutalismen var eit opprør mot den strigla, kvite modernismen som ikkje fanga opp livets skuggesider. 

– Likar du brutalismen?

– Ja, eg synest den er råtøff.

– Kvifor det?

– Eg er nok veldig tiltrekt av det opprinnelege tankegodset om det rå, ærlege og opprørske. 

Anti-designa arkitektur

Melhus tar oss med tilbake til nettopp det opprinnelege. Me skal til etterkrigs-England, til Norfolk og Hunstanton-skulen frå 1954, det første reine brutalistiske verket. Det unge arkitektparet Alison (21) og Peter (26) Smithson ville skapa eit heilt nytt uttrykk for ei ny tid, då dei vann arkitektkonkurransen i 1950. 

– Der var ingenting pynta på. Alt skulle framstå som så ærleg og rått som mogleg, nært anti-designa. Det er ei punk-rock-haldning over bygget, skildrar Melhus. 

– Skulen skulle uttrykka kvardagslivet i ei industriell etterkrigstid. Materiala er stål, ubehandla tegl, med synleg teknisk infrastruktur som i eit lager, forklarer Melhus. 

Industrielt i Hedmark

Dette estetiske uttrykket finn Melhus igjen i Hedmark. Danserestauranten på Glomdalsmuseet (1959) er teikna av Elverums-arkitektane Vesterlid og Østerhaug, og ein av Melhus sine brutalistiske favorittar i Noreg. 

– Det er eit industrielt lagerbygg kombinert med ein japansk paviljong. Lager-estetikk var ein av dei første uttrykka og referansane som blei knytt til brutalisme, og då er me i ei heilt anna verd enn betongkonstruksjonen, skildrar Melhus. 

 For det er jo betongen folk ser på som grunnstoffet i brutalismen. Det heng saman med betongen sin enorme popularitet etter krigen. 

Suldal kraftanlegg i Røldal. Foto: Nasjonalmuseet / Oppe

Omgrepet brutalisme

  • Nybrutalisme blei først introdusert i 1950 av den svenske arkitekten Hans Asplund, som spøkefullt og sarkastisk skulle kommentera Villa Göth av Bengt Edman og Lennart Holm.
  • Omgrepet blei deretter plukka opp og ført til England av arkitektane Alison og Peter Smithson, basert på det franske uttrykket beton brut.
  • New Brutalism blei deretter introdusert av arkitekturkritikar Reyner Banham i essayet «The New Brutalism» (1955). Banham si seinare bok «The New Brutalism: Ethic or Aesthetic?» (1966), skulle ta pulsen på europeisk samtidsarkitektur.
  • Kritikaren ønskte å skapa ein ny engelsk modernisme kor han plasserte engelske arkitektar i framsetet.

Kjelde: Lars Erik Brustad Melhus 

Betongskulpturane

– Europa er bygt opp av betong etter Andre verdskrigen. Betong heng saman med økonomiske forhold. Arbeidskraft var billeg og materiala var dyre. Betong var veldig praktisk å byggja med. Og norske arkitektar var ekstremt opptatt av betong sine uttrykksmoglegheiter, seier Melhus. 

 Men brutalisme er altså ikkje alltid betong, og betong heller ikkje alltid brutalisme. Det koksgrå rådhuset i Asker (1964) av Lund og Slaatto arkitekter, er for eksempel ikkje brutalistisk, ifølgje Melhus. 

– Men eg kan forstå at det blir lese som brutalisme. Rådhuset er ein betongskulptur og eit eksempel på offentleg bygg i betong av Lund og Slaatto. Det er lettast å trekkja fram som brutalisme, men Asker rådhus er det same som Viksjø sine bygg. Det har ei fin overflatebehandling. Rådhuset har prikka betong, noko anna enn as-found-estetikk, som Banham skriv om, resonnerer Melhus. 

 Han held fram: 

– Merkene etter forskalingsprosessen skal vera synlege og ikkje dekkjast til. 

– Det er for mykje pynt?

– Det er for forseggjort. Me manglar kanskje omgrep for å dekkja eller historisera noko av betongarkitekturen, seier Melhus. 

Den brutale arkitekturen

Etter brutalismen si storheitstid fram til 1970, skulle den massive betongarkitekturen få massiv kritikk. Frå 1980-talet dukka omgrepet brutalisme opp i det offentlege ordskiftet. I avisdebattar blei brutalisme synonymt med all arkitektur som ikkje tok omsyn til omgjevnadene. Det er då den vanlege misforståinga dukkar opp. Ein forstår brutalismeomgrepet som noko brutalt, oppsummerer Melhus. 

– Har brutalismen vore eit skjellsord?

– Ja. Riksantikvar Stefan Tschudi-Madsen kom ved fleire anledningar på byrjinga av nittitalet med kraftige utspel mot «de historielause brutalistene som herjet langs kystbyene». 

 Det hadde han til ein viss grad rett i.

– Mange av bygga er kompromisslause. Dei har tydelege kvalitetar, men er ikkje innpassa i det historiske miljøet, forklarer han. 

– Men er ikkje det eit planleggjingsspørsmål?

– Det er jo der stilomgrepet forkludrar litt; det er jo heilt andre faktorar som speler inn i plasseringa av bygg, seier Melhus. 

Hunstanton-skulen i Norfolk (1949–1954), teikna av det engelske arkitektparet Alison og Peter Smithson, var det første eksempelet på brutalistisk arkitektur. Foto: Anna Armstrong

Brutalistisk estetikk

  • I brutalistisk estetikk er bygget sine funksjonar synlege, og materiala framstår som ubehandla.
  • Fasaden kan visa sjølve bygningsstrukturen, bygget sin funksjon eller måten det skal brukast på.
  • Brutalismen er kjend for naken betong, ofte med spor etter forskalinga som einaste dekor.
  • Andre sentrale material var murstein, glas, stål eller grovhogt stein.
  • Arkitekt Peter Smithson, den eine halvdelen av arkitektparet Smithson, forklarer materialbruken som «the seeing of materials for what they were: the woodness of the wood; the sandiness of sand». 

Spesielt og tidstypisk

Nokre tiår seinare, endrar det seg. Frå rundt 2000 dukkar omgrepet opp for å peika ut robust, tung, ubehandla betong, eller teglsteinsbygg, som noko spesielt og tidstypisk. 

– Det plasserer bygget på to heilt forskjellige nivå, kor ein anten anerkjenner materialkvaliteten eller mislikar manglande kontekst, forklarer Melhus. 

– Eg trur det er grunnen til at folk enten elskar eller hatar brutalistiske bygg. Ein del av det historiske er rive, eller må liggja tett inn på bygget. Y-blokka er eit typisk eksempel på det. Byplangrepet er problematisk, medan materialhandteringa er forseggjort, seier Melhus. 

Slektning i bunkersen

Han ser også andre grunnar til ein manglande folkeleg appell. 

– Mange oppfattar bygga som ganske alvorlege og litt humørlause. Det er få fargar. Betong eldest ikkje nødvendigvis heller så fint. Det kviler ofte eit tungt alvor over bygga, trur Melhus. 

 Ein annan grunn er at brutalismen har ein slektning i dei tunge betongbunkersane, som mange naturleg nok har eit dårleg forhold til. 

– Fleire av brutalismekritikarane skildrar bygga som krigsskip eller festningar. Festningar og krigsminne kan vera del av historia om kvifor mange reagerer negativt på betong, seier Melhus. 

– Det kjem av at mange bygg er truga, slik at ein må setja i gang vernekampanjar. Brutalismen har eit slåande formspråk som funkar dritbra på ein instagram-konto.

Tilfeldig og ærleg

– Det er ein fotogen arkitektur, men eg synest ikkje det stoppar der. Brutalistiske verk er monument bygt på ein antiautoritær måte. 

 Det seier seniorkurator ved Nasjonalmuseet, Talette Rørvik Simonsen. Ho arbeider for tida med ei Erling Viksjø-utstilling som skal opna til hausten. Simonsen fortel om brutalismen sin kjerne av det ekte og ærlege. Sentralt stod ønsket om at arkitekturen skulle bli meir human. 

– Brutalismen var ei avvenning av det ein oppfatta som eit utdatert venleiksideal. Ein reagerer på den tidlege modernismen sine svevande kubiske former, pussa overflatar og mykje glas. Arkitektane ville tilbake til noko meir stoffleg og naturleg, seier Simonsen. 

Bryta ned skilje

Brutalismen har parallellar til andre kulturuttrykk frå samtida, ifølgje kuratoren. Simonsen kjenner igjen same trend i kunsten, film og teater. Nyrealismen rår i filmar frå same epoke.

– Poenget var å bryta ned skiljet mellom høg og låg, held Simonsen fram. 

Ein er opptatt av det kvardagslege, ifølgje kuratoren. 

 Simonsen trekk fram omgrepet as found, altså det å finna estetiske kvalitetar i eit eksisterande objekt, som stod sentralt i samtidskunsten. Parallellane til brutalismen si ærlege materialbruk er tydeleg. 

Rått og direkte

Massebyggeriet i etterkrigstida skulle dekkja menneskelege behov, men blir oppfatta som det motsette. 

– Ser brutalismen individet? 

– Brutalismen henta idégrunnlaget frå mange disiplinar. Den ser til sosiologien, som var eit nytt fag i utvikling, til den teoretiske matematetikken, til renessanseideala. Det er rått og direkte, seier Simonsen. 

– Kan me diskutera smak, stygt og fint? 

– Eg synest ikkje det er så veldig interessant eller konstruktivt. Det som er interessant, er kva rom ein gir for å sjå korleis det var tenkt.

Brutalisme treng ikkje vera betong. Dei aller første bygga var prega av grov teglstein, glas og stål, i tillegg til betong. Aluminiumsplater og eksponerte stålsøyler er sentrale element i Danserestauranten på Glomdalsmuseet (1959). Foto: Carl Normann/Nasjonalmuseet

Alle elskar brutalismen

Den engelske forfattaren og arkitekturskribenten John Grindrod er ein av dei som likar brutalismen så godt at han har skrive bok om det. I «How to love Brutalism» (2018) utforskar Grindrod den arkitektoniske retninga historisk og popkulturelt. 

– Kan alle elska brutalismen? 

– Alle kan elska brutalismen, skriv Grindrod i ein epost til Arkitektnytt. 

– Brutalismen er ein demokratisk arkitektur brukt til alt frå sosiale bustadprosjekt til offentlege bygg, universitet, kontor og katedralar. Derfor er det ein type arkitektur dei fleste av oss har erfaring med, noko som betyr at brutalismen ikkje er nokon ekskluderande arkitektur, verken for rike eller fattige, forklarer forfattaren. 

Symbolismen

Brutalismen er ifølgje Grindrod eit produkt av etterkrigstida, og er påverka av både bunkersar frå den kalde krigen og velferdsstatsoptimisme. Råmateriala, altså betong, murstein eller stål, var så fleksible at dei fleste storskalabygg kunne teiknast i denne stilen. 

– Kommunale styresmakter blei tiltrekt av symbolismen i arkitekturen som var moderne, romalder-aktig og egalitær. Den passa til kjøpesenter, bustadblokker, bibliotek og museum, forklarer Grindrod. 

Brutalismen ifølgje Banham

Arkitekturkritikar Reyner Banham skildrar tre kjenneteikn for brutalisme:

• Materialet skal vera ubehandla • (as-found), altså brukt som dei er.

• Konstruksjonen skulle vera tydeleg • eksponert.

• Bygningen skulle vera eit minne- • verdig bilete, som umiddelbart • uttrykkjer funksjonen sin.

Kjelde: Lars Erik Brustad Melhus

Den dramatiske arkitekturen

Grindrod kallar det estetiske uttrykket eit skulpturelt drama, som han meiner står godt til den abstrakte kunsten frå same periode. Sjølv har Grindrod sansen for det grotteliknande dramaet, strukturen og velferdsstatsideologien som brutalismen konkretiserer. Han meiner at sosiale medium hjelpte modernisme- og brutalismetilhengjarar å finna saman. 

– Kva har dei andre gått glipp av? 

– Det er lett å observera arkitektur med personlege fordommar. Storslåtte, ornamenterte bygningar kan for eksempel også kjennast overveldande og ekskluderande. For alle som synest små hytter er koselege og trivelege, finst det nokon som synest dei er tronge og kvelande, skriv Grindrod til Arkitektnytt. 

Antikvitetar eller snurrepiperier?

Samfunnet har til alle tider heldt liv i diskusjonen om kva som er arkitektoniske antikvitetar eller berre snurrepiperier. Y-blokka er for eksempel gammalt ræl som må bort, ifølgje regjeringa. For etter at ein stilart har brent seg ut, tar det som kjent nokre tiår før samfunnet gjenoppdagar dei arkitektoniske verdiane som kulturminne. Kunsthistorikar og hovudstyreleiar i Fortidsminneforeningen, Margrethe C. Stang, sit i eit universitetsbygg utafor Trondheim og snakkar om kulturminnesyklusar. Dei heng saman med vedlikehaldssyklusar som krev at ein gjer opp status om restaurering eller riving. 

– 50 år er ein veldig farleg alder for eit bygg. Me ser nå i Noreg at veldig mange 50 år gamle bygg blir oppfatta som fæle og stygge. 100 år er ein langt tryggare alder, seier Stang.

 Byggverk frå 40-50 til 100 år må altså tola eit kritisk blikk. 

– Me må læra oss å sjå på ting. Modernismens arkitektur har det problemet at mange ikkje har lært seg å sjå på den. Uttrykket er veldig knapt og enkelt, men omsorga for detaljar gjer at det heng saman, seier Stang. 

Det var eitt norsk eksempel blant Reyner Banham si liste over 200 brutalistiske verk i boka «The New Brutalism» (1966), seier arkitekt og brutalisme-ekspert Lars Erik Brustad Melhus. Geir Grung og Sverre Fehn sin museumsbygning for De Sandvigske Samlinger på Maihaugen ved Lillehammer stod klart i 1959. Foto: Dag Andre Ivarsøy/Nasjonalmuseet

Framkallar sterke kjensler

– Men er det noko spesielt vanskeleg å elska med brutalismen? 

– Brutalismen er ein veldig tydeleg stilart, ekstremt klar i prosjektet sitt. Den er litt in your face i uttrykket sitt. Det er ein stil som der er vanskeleg å vera likegyldig til. Det har brutalismen til felles med jugendstilen, resonnerer Stang. 

– At den er overtydeleg, framkallar ekstra sterke kjensler. Det er ein provoserande stil som står i dialog, høglytt, til tidlegare stilar, seier ho. 

Bergens styggaste bygg

I fjor inviterte Bergens Tidende til den tillitvekkjande kåringa av Bergens styggaste bygg. Brutalismen var godt representert i lesaravstemninga, med Realfagbygget (1977) av Harald Ramm Østgaard og  Erling Viksjø sitt Bergen rådhus (1974). Sistnemnte stakk av med sigeren. 

– Kva tenkjer du om det?

– Me skal ikkje vera redde for stygt og fint-konkurransar. Det er då me byrjar å snakka om bygga. Det aller farlegaste er at me ikkje snakkar om arkitektur. 

 Stang tar sats: 

– Den breie aksepten for brutalismen er rett rundt hjørnet – kanskje ti år til.

Rådhuset og høgblokka i Bergen stakk av med sigeren som byens styggaste bygg, etter ei lesaravstemning gjennomført av Bergens Tidende i fjor. Foto: Foto Ø. Hartvig Berger/Nasjonalmuseet (1974–1975)