Nyheter

Unge og kampklare samla i Arkitektenes hus

Det er ei stor utfordring for nystarta kontor å skaffe seg oppdrag eller berre få tevle om oppdrag i lukka konkurransar. Det danna utgangspunktet for seminaret «Arkitekturens utfordrere» i Oslo 10. november.


Det var 40 studentar mellom dei 66 påmeldte til kurset, melder Akademiet. Foto: Olav Ødegården

Dette er wildcard-prosjektet

– NAL og Norsk Form har fått i oppdrag fra Kulturdepartementet å lage et forslag til en ordning som skal gjøre det lettere for nyetablerte kontorer og unge arkitekter å få adgang til inbudte arkitektkonkurranser.

– Danmark fikk sin såkalte Wildcard-ordning i 2009, som et samarbeid mellom Dansk Arkitektur Center, Akademisk Arkitektforening og Konkurrencestyrelsen.

– Den danske ordningen består blant annet i en offentlig liste over nyetablerte arkitektkontor, en eksempelsamling med vellykkete prosjekter fra nyetablerte arkitekter og spesialrådgivning for byggherrer.

Mange unge og ukjente fjes var å se i Arkitektenes hus under Akademi-kurset. Fagsjef Hege Maria Eriksson i NAL sa seg godt nøgd med det før ho formulerte problemet slik: – Så lenge man ikkje får bygd, får man ikkje bygd.

 

Eriksson slo fast at dei yngste arkitektane er lite synlege, og at ein difor ikkje veit så mykje om dei. Nokre kontor blir synlege først etter 10–15 år, om dei held ut så lenge. Det er vidare ikkje uvanleg at arkitektar blomstrar når dei er 50, og held det gåande til dei blir 80, men vi treng dei unge for kunnskapen og ideane deira, for mangfaldet si skuld, var bodskapen frå Eriksson og frå NAL.

 

Seminaret hadde tre bolkar. Første delen dreide seg om krav frå oppdragsgjevarar og lovverk, med innlegg frå Statsbygg, Veidekke, Statens vegvesen og eit advokatfirma. Andre bolk handla om å komme i posisjon, med innlegg frå fire sivilarkitektar. I den tredje bolken tok ein opp Wild Card-ordninga, som NAL arbeider med å få til her i landet ut frå erfaringane i Danmark, før ein kom fram til det arkitekturpolitiske perspektivet med ein sluttdiskusjon.