Organisasjonssider

NIL: Arbeidsplassutvikling i «den nye tida»

Månedens nyheter og oppdateringer fra Norske interiørarkitekter og møbeldesigneres landsforening (NIL).


På denne siden finner du siste månedes nyheter og oppdateringer om NIL.

Arbeidsplassutvikling:

ARBEIDSPLASSUTVIKLING I «DEN NYE TIDA»

Me vert aldri lei av å snakke om kontoret vårt. Vår andre heim. Lykkefaktor nummer to. Den staden dei fleste arbeidsføre i landet oppheld seg åtte timar kvar dag, fem dagar i veka. Mange kjensler blir sett i sving når me tek opp tema rundt arbeidsplassutvikling og kva som er det «optimale kontoret». No har ein ny og uventa faktor entra debatten. Nemleg Covid-19. Heimekontoret er plutseleg det mest aktuelle temaet.

«Gjemmekontoret»
Heimekontoret har på folkemunne tidlegare vore omtalt som «Gjemmekontoret». Og det er jo kanskje akkurat det det er blitt no. Krav og anbefalingar frå styresmaktene om sosial distansering har gjort at ein tredel av Noregs befolkning no sit heime og arbeidar. Her har me innan kort tid rigga heimane våre om til fullverdige arbeidsplassar. Nokon med tilhøyrande heimebarnehage eller heimeskule.

Lene Utbjoe, interiørarkitekt MNIL er blitt godt vant til møter på teams. Foto: privat

Døden for aktivitetsbaserte arbeidsplasser?
På borsen.no 18. april 2020 kunne me lese Nicolai Eriksen sin artikkel «Døden for åpent kontorlandskap». Der refererer han mellom anna til denne utsegna frå kommentator Oliver Burkeman: «Åpne kontorlandskap ble påtenkt av Satan selv, i Helvetes innerste korridorer».

Kommentaren han kom med var i samanheng med at forskarar i Sydney i 2013 konkluderte med at rundt halvparten av alle som arbeida i opne landskap var plaga av støy frå andre kollegaer.

Ope kontorlandskap versus cellekontor er ein evig diskusjon. I tillegg har me aktivitetsbasert arbeidsplass. Det er i realiteten eit konsept som går ut på å dele alle fasilitetar i eit kontorlokale og at ein bestemmer sjølv kor ein skal jobbe med ulike aktivitetar.

Aktivitetsbaserte arbeidsplassar er misforstått av mange. Mellom anna av toppledarar som ynskjer å spare pengar på mindre areal. Eller av arbeidstakarar som er uroleg for støy eller å ikkje finne ein plass å jobbe. Svært ofte får konsulentar og arkitektar skulda for at ein berre vil spare areal og ikkje høyrer på dei tilsette sine behov.

Ikkje god nok forsking
Det er begrensa med forsking på området, og forskninga kjem gjerne frå utlandet og differensierar lite på sjølve utforminga av kontora eller autonomien til dei tilsette. Oversiktsartikkel «Office concepts. A scoping review» utført av Ane Gjærland med kollegaer frå Høgskulen på Vestlandet viser at forsking som fins på kontorløysingar i dag ikkje er god nok.

– Coronaviruset har vært en vekker. Det har påpekt at mye arkitektur ikke har tenkt på denne typen problemstilling i det hele tatt, sier Stein Knardahl ved Statens arbeidsmiljøinstitutt til Børsen.

Igjen er det snakk om støy, men også virussmitte. Som me veit smittar virus lettare når me sit tett. Det smittar også ved at me tar på dei same overflatene som kaffemaskin, dørhandtak, benkeplate, dokumenter, fjernkontroll og så Sånn sett er ikkje det noko forskjell frå det å vere på cellekontor til det å arbeide i ope eller delt landskap? Men det kan løysast med å halde avstand.

Dette er ikkje berre arkitektur og cellekontor som kan løyse, men handling frå enkeltindividet. Ein kan velje å halde avstand for at ein ikkje skal smitte andre.

I artikkelen frå borsen.no seier Jan Kristian Karlsen at han håper det vil kunne føre til ein endring om både kor og når me jobbar. 

Eg er einig med Karlsen. I 2020 har me den store fordelen at me har digitale hjelpemiddel som gjer at ein kan utføre arbeidet sitt nærmast kor som helst. Eg meiner at me etter utbruddet av Covid-19 alle har bevist at me er tilpassningsdyktige og endringsvillige. Det er også påstått at me på grunn av situasjonen har «hoppa» 15 år fram i tid når det gjeld digital kompetanse.

Snu i døra
12. mars vart eg bedt om å snu i døra då eg kom på jobb. Ein kollega var blitt sjuk etter å ha komen frå Italia. På få timar var lokala våre med 130 menneskjer tømt. «Dette er døden for aktivitetsbaserte landskap» sa ein kollega til meg i det han passerte meg på veg ut. 

Det trur eg ikkje, tvert imot.  

Eg trur at me vil sjå meir fleksibilitet på arbeidsplassen enn nokon gong. No har me alle hatt eit krasj-kurs i aktivitetsbaserte løysingar. Me har måtte tilpassa oss og få kvardagen til å gå opp på ein annan måte. Eg trur me vil fortsette på «gøymekontor» når det er behov for det. Og det vil det vere aksept for. Heimefrå kan du verne andre for smitte og deg sjølv for støy. Samtidig kan du ved hjelp av teknologi kommunisere med kunder og medarbeidarar. Andre gonger vil ein ha behov for å samlast og høyre til i gruppa si. Treffe kollegaer fysisk. Ha faglege og ikkje-faglege samtalar rundt kaffemaskina.

– Aktivitetsbaserte arbeidsplassar er misforstått av mange, skriver Utbjoe. Foto: privat

Interiørarkitektens rolle i «den nye tida»
Interiørarkitektane og møbeldesignarane si rolle har over tid endra seg slik dei fleste yrke i samfunnet vårt. I takt med endringar i samfunnet må me alle tilpassa oss. Dei som er god på endring, samarbeid og evnar å sjå mogelegheiter vil alltid klare seg. Også gjennom ei slik krise me kjenner på no.

For interiørarkitekten og møbeldesignaren startar og sluttar kvart prosjekt med brukaren. Det er brukaren som er den viktigaste i kvart prosjekt, og som gjer alle prosjekt unike. Ingen bedrifter er like, Ingen menneske er like.

Frå min ståstad er tilpassing og skreddarsaum viktigare enn nokon gong. Mogelegheit for å ta eigne val likeins.

Sida 12. mars har eg sete på heimekontoret mitt og gynga på stolen Varièr. Ein gammal klassikar designa av Petter Opsvik. Stolen minnar meg på at interiørarkitektur og møbeldesign er aktuelt like mykje no som før – så lenge ein har gode idear og evnar å tenkje «utanfor boksen».  

Lene Utbjoe, interiørarkitekt MNIL og visepresident i NIL

----------------------------------------------------------------------------

Monica D. Heck, interiørarkitekt MNIL og president i NIL. Foto: NIL

Styret:

NILS 75ÅRS-JUBILEUM 2020

2020 er året vi alle vil huske. Covid-19 herjer hele kloden, USA holder presidentvalg, oljeprisen har aldri vært så lav og NIL feirer 75 års-jubileum. Det er ingen tvil om at NILs jubileumsår 2020 vil skrive seg inn i historiebøkene for evig tid.

Vår plan om feiring i Oslo Rådhus på selveste jubileumsdagen 29. mai er utsatt. Vi krysser fingrene for at forholdene med Covid-19 er mer avklart, og at samfunnet har normalisert seg såpass at vi kan ha en verdig markering fredag 30. oktober i Bankettsalen i Oslo Rådhus. Våre medlemmer har vært med på en unik reise med utvikling av vårt fag innen møbeldesign og interiørarkitektur. Derfor ønsker vi i styret og administrasjonen i NIL at vi sammen med våre medlemmer kan feire dette jubileet med verdighet – og at vi kan være sammen.

Som planlagt lanseres NILs årbok INTERIØR&MØBLER 2020 i slutten av mai. Boken er da på vei i posten til alle våre medlemmer og andre på stiftelsesdatoen 29. mai. Vi kan glede dere med en fascinerende utgivelse med meget høy kvalitet. Boken gir et tilbakeblikk på historien, en retning for fremtiden og presenterer prosjekter ferdigstilt det siste året, utført av interiørarkitekter og møbeldesignere MNIL. For oss medlemmer har årboken blitt en viktig del av vårt varemerke.

Vi må se fremover, og det har for det sittende styret vært viktig å sørge for at våre medlemmers arbeider distribueres ut til flere enn de cirka 3 000 mottakerne av den trykte årboken. NIL har derfor i tillegg til papirutgaven av INTERIØR&MØBLER 2020 jobbet med å digitalisere årboken fra og med 2020. Det ser nå ut til at alt går etter planen, og at vi kan lansere plattformen samtidig med utgivelsen av papirutgaven. Vi håper våre medlemmer, samarbeidspartnere, annonsører og andre interessenter opplever dette som et løft og en ytterligere synliggjøring av våre medlemmers arbeider.

Æresmedlem(mer) 2020 utnevnes/offentliggjøres under det digitale landsmøte 28. mai. Det er alltid hyggelig å hedre medlemmer som har sørget for kompetanseheving, utvikling og synliggjøring av vårt fag.

Det er avgjørende at omverdenen får innsikt i hvilke prosesser som inngår i våre oppdrag, og fortsetter å forstå betydningen av hvilken kompetanse MNIL besitter. NIL er, og skal fortsette å være, en organisasjon som støtter våre medlemmer, sprer informasjon og driver faget fremover.

NIL bringer resultater – NIL er et naturlig valg for den profesjonelle fagutøveren!

Gratulerer med jubileet alle MNIL-ere og de 75 år!  

Monica D. Heck, interiørarkitekt MNIL og president i NIL

----------------------------------------------------------------------------

Endringer pga. Korona-pandemien


NILs landsmøte 2020 avholdes digitalt 28. mai. Mer informasjon kommer i nyhetsbrev per e-post.

Markering av 75-årsjubileet for opprettelsen av NIL.
Ny dato: Fredag 30. oktober, i Oslo Rådhus. Mer informasjon kommer.

-----------------------------------------

NIL-jubilanter juni 2020


23. juni: Hege Ødegård, 50 år