Holeliv i Hammerfest
Arkitektkontoret Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen (FFB) rydda ei hole i det nordnorske fjellet til Nasjonal Kunstfestival i Hammerfest.

Kunstfestivalen frå 23. til 26. mai forvandla energibyen i nord til ein arena for samtidskunst med utstillingar og samarbeidsprosjekt, happenings, scenekunst, konserter, filmvisningar og fagseminar. Programmet spente vidt, men arrangørane har vore opptekne av å invitere kunstnarar med ein viss kjennskap til Nord-Norge og problemstillingar i landsdelen.
Flisberg og hole
Mellom dei femten artistane var Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen. Dei tre unge arkitektane Joar Nango, Eystein Talleraas og Håvard Arnhoff har base i Oslo og Tromsø, og i prosjekta sine tek dei utgangspunkt i «research on and interventions in a specific public context/site», ifølgje nettsida til kontoret.
FFB valte å gjere to ting i Hammerfest. Det eine var å flytte eit flislass på søppelfyllinga. Det andre var å ta i bruk ei hole i fjellet ovanfor byen.
Arkitektane rydda vekk søppel frå hola og området ikring, laga blomsterbed med jord frå staden med påfyll frå kommunen og mura peis ved inngangen så folk kan varme seg ved hola på kjølegare dagar, også etter kunstfestivalen.
Hola er difor meir idyllisk i dag enn da tyskarane brukte henne under verdskrigen. Arkitektane har òg bygd ein treheis med sveivevinsj for å frakte utstyr opp til hola, og ved inngangen har dei lagt nokre beinrestar dei har funne, kontrasterte med ein kvit damesko med høg stiletthæl.
Eige «festival» i festivalen
I festivalhelga var det ein eigen liten festival i hola, frå laurdag kveld og lyse natta utetter, ein ravecave-holefest med opptil fleire plateryttarar i aksjon, ifølgje Finnmark Dagblad. Arkitektane har servert tromsøpalmesuppe og flisbergballett laga av Andres Rimpi frå Gøteborg, og været har kome med triveleg varme.
– Området har noko magisk flott over seg. seier Håvard Arnhoff til finnmarksavisa. – Det er heilt fantastisk her.
FFB arbeider med « 1:1 spatial installations and self-built temporary architecture», ifølgje sjølvpresentasjonen på nettsida til kontoret.
I Hammerfest har arkitektane gjeve eit nytt rom til byen, om ikkje av det mest urbane slaget. Vona er at staden vil bli brukt også frametter. Det står att å sjå om hola blir presentert på glansa papir i internasjonale tidsskrift.