Arrangementer

Helen & Hard til Veneziabiennalen

I år skal Noreg vera hovudutstillar på den nordiske paviljongen under Veneziabiennalen. Nasjonalmuseet samarbeider med arkitektkontoret Helen & Hard. 


Nasjonalmuseet skal i samarbeid med Helen & Hard boltra seg på dei 446 kvadratmetrane i den nordiske paviljongen under neste års Veneziabiennale. Det er Statsbygg som har ansvaret paviljongbygningen i Giardini-parken, og skal føreta eit lett andletsløft i forkant. Foto: Annar Bjørgli, Nasjonalmuseet

I 2020 har Nasjonalmuseet fått hovudansvaret for gjennomføring av utstillinga, i samarbeid med kuratorar ved Finlands arkitekturmuseum og ArkDes, Arkitektur- och designcentrum i Stockholm. Nasjonalmuseet vil samarbeida med Helen & Hard om prosjektet, som vil designast i dialog med Veneziabiennalen sitt tema «How Will We Live Together?». Konseptet handlar om korleis arkitekten kan skapa nye fellesskap.

Verdas viktigaste arkitekturutstilling

Kjennarar reknar Arkitekturbiennalen i Venezia som verdas viktigaste arkitekturutstilling. Den 17. internasjonale arkitekturbiennalen i Venezia opnar 23. mai i 2020 og står til 29. november same år. Hovudkurator er Hashim Sarki. Den nordiske paviljongen frå 1962 er teikna av Sverre Fehn og er ein av 30 landspaviljongar i Venezia.