Dristuge drøymemøblar på norsk bokpaviljong
Denne veka opna den norske paviljongen under bokmessa i Frankfurt, teikna av Manthey Kula og LCLA.

Paviljongen «Norge forteller. The dream we carry» er teikna i samband med at Noreg er gjesteland under årets bokmesse i Frankfurt. Arkitektkontora Manthey Kula og LCLA Medellín/Oslo vann blant 66 forslag i den opne plan- og designkonkurransen i fjor, som blei juryert av representantar frå Senter for norsk litteratur i utlandet (NORLA), Design og arkitektur Noreg (DOGA) og Norske arkitekters landsforbund (NAL).

Skal lokka bokinteresserte
På den innandørs paviljongen, som er rundt 2300 kvadratmeter stor, finst 30 drøymemøblar som skal invitera til aktivitet. Den norske paviljongen skal lokka messepublikummet i Frankfurt inn i eit drøymelandskap med figurative og funksjonelle møblar som dannar samlingspunkt. 600 norske bøker på tysk blir presentert under det som skal vera verdas viktigaste litteraturmesse.
Både solide og skjøre
– Dei er solide i botnen for å kunna bera bøkene, luftigare og skjørare lenger opp for å symbolisera det rommet me opplever når me opnar ei bok, forklarte arkitekt og partner i Manthey Kula, Beate Hølmebakk, ifølgje litteraturnettstaden bok365.no.
Etter at bokmessa er ferdig, skal møblane donerast til tyske kulturinstitusjonar.
