Arrangementer

Dristuge drøymemøblar på norsk bokpaviljong

Denne veka opna den norske paviljongen under bokmessa i Frankfurt, teikna av Manthey Kula og LCLA.


Foto: Luis Callejas, LCLA Medellín/Oslo

Paviljongen «Norge forteller. The dream we carry» er teikna i samband med at Noreg er gjesteland under årets bokmesse i Frankfurt. Arkitektkontora Manthey Kula og LCLA Medellín/Oslo vann blant 66 forslag i den opne plan- og designkonkurransen i fjor, som blei juryert av representantar frå Senter for norsk litteratur i utlandet (NORLA), Design og arkitektur Noreg (DOGA) og Norske arkitekters landsforbund (NAL). 

Foto: Luis Callejas, LCLA Medellín/Oslo

Skal lokka bokinteresserte

På den innandørs paviljongen, som er rundt 2300 kvadratmeter stor, finst 30 drøymemøblar som skal invitera til aktivitet. Den norske paviljongen skal lokka messepublikummet i Frankfurt inn i eit drøymelandskap med figurative og funksjonelle møblar som dannar samlingspunkt. 600 norske bøker på tysk blir presentert under det som skal vera verdas viktigaste litteraturmesse. 

Både solide og skjøre

– Dei er solide i botnen for å kunna bera bøkene, luftigare og skjørare lenger opp for å symbolisera det rommet me opplever når me opnar ei bok, forklarte arkitekt og partner i Manthey Kula, Beate Hølmebakk, ifølgje litteraturnettstaden bok365.no.

  Etter at bokmessa er ferdig, skal møblane donerast til tyske kulturinstitusjonar.

Foto: Luis Callejas, LCLA Medellín/Oslo