Presenterte nye bergenske buformer
I går blei første fase av delebustadprosjektet Bopilot presentert på Litteraturhuset i Bergen. – Det er mat til kommunen, seier prosjektleiar for Bopilot i Bergen, Tina Larsen.

Bopilot
- Bopilot skal dela kunnskap om, og skapa interesse for bustader med felleskaps- og deleløysingar
- Saman med Trondheim kommune, NTNU og Sintef skal Bergen kommune undersøkja korleis kommunen kan vera pådrivar for alternative bustadløysingar i prosjektet Bopilot
- Husbanken og Norske arkitekters landsforbund (NAL) er også med i prosjektet, som skal gjera kommunane betre rusta til å påverka bustadutviklinga og bidra til at bustader og buområde i større grad kan vera med å løysa sosiale utfordringar
Kjelde: Byarkitekten i Bergen
– Me trur at ikkje det finst éi løysing. Me må ha ei vifte av ulike måtar å bu på. Målet er at Bergen skal oppfylla ambisjonane sine på Grønneviken-tomta, seier Tina Larsen ved Byarkitekten sitt kontor. Ho utfordra ein bustadsektor med behov for nytenking.
– Lettare å ta risikoen
Larsen jobbar strategisk med den kommunalt eigde tomta på Grønneviken sentralt i Bergen. Føremålet med prosjektet er å utforska korleis delebustader og nye buformer kan sjå ut i Bergen, og korleis kommunen kan bli en større pådrivar for utvikling av nye bustadtypar.
– Me må overtyda arkitektstanden og utbyggjarar om at det er ein marknad der ute. Då blir det lettare å ta den risikoen det er å ikkje vita om ein får selt bustadene. Nå kan me trygga marknaden på det er noko her, seier Larsen.
Viser mange sider
Workshopen Larsen snakkar om blei arrangert i haust, som del av ein designsprint. Målgruppa, arkitektar og utbyggjarar tenkte høgt saman om tema som tre arkitektkontor jobba vidare med. Torsdag kunne LaLa Tøyen og Kåmmån, Helen & Hard og Haugen/Zohar arkitekter presentera løysingsforslaga sine.
– Dei viser fleire sider av delebustader, som arkitektonisk utforming, plan og snitt, til å leita etter ekstra kvadratmetrar og konkrete innspel til korleis kommunane bør jobba, seier prosjektleiar Larsen.
Ulike innfallsvinklar
LaLa Tøyen og Kåmmån viste forslag til det første huset som kan byggjast, som eit innspel til korleis bustadene kan sjå ut. Arkitektane har føreslått ulike overgangssonar mellom det private og det delte, korleis inngongane skal sjå ut og andre detaljerte løysingar.
– Då er det mogleg for dei som ikkje er fagfolk, å føre seg og få ei forståing for det romlege. Kva ein kan dela med nokon få, med nokon fleire, med alle og med bydelen og byen, forklarer Larsen.
Haugen Zohar presenterte ulike innfallsvinklar på kjellarbuarealet, ulik sosialiseringsgrad i fellesarealet, og korleis det er mogleg å henta ut fleire kvadratmetrar i samsvar med lover og forskrifter. Helen & Hard snakka om den viktige prosessen som skjer før spadestikket.
Treng ny prosess
Randi Augenstein er dagleg leiar i Helen & Hard og i dotterselskapet deira Gaining by sharing. Arkitektkontoret står bak delebustadprosjektet Vindmøllebakken i Stavanger.
– Utfordringa ligg ikkje i det å skapa romlege løysingar. Utfordringa er prosessen, seier Augenstein.
Ho ønskjer å belysa dette for å kunna endra dagens bustadproduksjonsprosess.
Bopilot-prosjektet i Bergen
- Tre arkitektkontor er med i prosjektet: LaLa Tøyen og Kåmmån, Helen & Hard og Haugen/Zohar arkitekter
- Prosjektleiar er arkitekt Tina Larsen ved Byarkitekten i Bergen
- Første fase er ein designsprint, ein tverrfagleg workshop med utbyggjarar, arkitektar og målgruppa
- Funna er presenterte og skal samlast i ein rapport til Bergen kommune
Kjelde: Byarkitekten i Bergen

– Vindmølleparken var eit reint privat initiativ og prosess. Byggherre ville gå ned i forteneste for å få dette til. Derfor vil me spela inn kor viktig det er å tenkja nytt i verdikjeda. Her sit Bergen kommune på Grønneviken-tomtene. Det er viktig kva dei gjer med dei tomtene, forklarer Augenstein. Helen & Hard har føreslått ein ny, konkret samarbeidsprosess som dei ønskjer å testa ut i Bopilot-prosjektet. Prosessen er basert på erfaringar frå Vindmøllebakken.
– I dag sit alle på ein haug utan å forstå kvarandre sin risiko. Samarbeidsprosessen handlar i stor grad om at alle aktørar blir høyrde, tar ansvar og risiko, seier Augenstein.
Må samhandla klokt
– Det er litt julaftan i dag. Nå pakkar me opp resultata frå designsprinten. Det er mat til kommunen, til korleis me som kommune kan vera pådrivarar på rett måte, heilt konkret, seier Larsen.
– Nokon må eiga ambisjonar og målsettingar for det ein gjer. Korleis kan me det? Det er heilt tydeleg at ein ikkje kan gjera det åleine, her må det samhandlast klokt, spesifiserer Larsen.