Fredar framifrå folkebibliotek
Haugesund folkebibliotek er ifølgje Riksantikvaren eit framifrå eksempel på modernistisk arkitektur.

Freda bibliotek i Noreg
- Haugesund folkebibliotek
- Fredrikstad bibliotek
- Bergen offentlige bibliotek
- Nasjonalbiblioteket i Oslo
- Universitetsbiblioteket i Bergen
- Universitetsbiblioteket i Oslo
Kjelde: Riksantikvaren
Bygget er teikna av Haugesunds store modernist-son David Sandved (1912─2001), som blir rekna som ein av byens viktigaste arkitektar.
I førre veke blei bibliotekbygget offisielt freda av Riksantikvaren. Det skriv etaten på nettsidene sine.
– Haugesund folkebibliotek er eit framifrå eksempel på modernistisk arkitektur. Nå er biblioteket freda og rehabilitert, og klart for å ta imot framtidige lesarar, seier riksantikvar Hanna Geiran til riksantikvaren.no.

Heilskapleg kunstverk
Haugesund folkebibliotek blir rekna som eit av Sandved sitt hovudverk. Biblioteket er teikna som eit heilskapleg verk, der arkitekt Sandved var ansvarleg for design av eksteriør, interiør og inventar, skriv Riksantikvaren. Haugesund folkebibliotek er godt bevart, og har mange originale detaljer. For eksempel har den store utlånssalen dei same fargane og materiala som på 1960-tallet. Mange stolar, bord, hyller og lampar er også bevarte, ifølgje Riksantikvaren.