Bygningsvern

Fredar framifrå folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek er ifølgje Riksantikvaren eit framifrå eksempel på modernistisk arkitektur.


Haugesund folkebibliotek frå 1967 ligg i Kirkegata i Haugesund sentrum. Foto: Øyvind Malmin, Rogaland fylkeskommune

Freda bibliotek i Noreg

  • Haugesund folkebibliotek
  • Fredrikstad bibliotek
  • Bergen offentlige bibliotek
  • Nasjonalbiblioteket i Oslo
  • Universitetsbiblioteket i Bergen
  • Universitetsbiblioteket i Oslo

Kjelde: Riksantikvaren

Bygget er teikna av Haugesunds store modernist-son David Sandved (1912─2001), som blir rekna som ein av byens viktigaste arkitektar.

I førre veke blei bibliotekbygget offisielt freda av Riksantikvaren. Det skriv etaten på nettsidene sine.

– Haugesund folkebibliotek er eit framifrå eksempel på modernistisk arkitektur. Nå er biblioteket freda og rehabilitert, og klart for å ta imot framtidige lesarar, seier riksantikvar Hanna Geiran til riksantikvaren.no.

Biblioteket er rekna som arkitekt David Sandved sitt hovudverk. Foto: Øyvind Malmin, Rogaland fylkeskommune

Heilskapleg kunstverk

Haugesund folkebibliotek blir rekna som eit av Sandved sitt hovudverk. Biblioteket er teikna som eit heilskapleg verk, der arkitekt Sandved var ansvarleg for design av eksteriør, interiør og inventar, skriv Riksantikvaren. Haugesund folkebibliotek er godt bevart, og har mange originale detaljer. For eksempel har den store utlånssalen dei same fargane og materiala som på 1960-tallet. Mange stolar, bord, hyller og lampar er også bevarte, ifølgje Riksantikvaren.