Debatt

Leigebuarmedverknad

Anne-Rita Andal, Leieboerforeningen 22. mars 2022

Det hadde vore veldig hyggelig om også leigebuarar fekk sjå resultata av endelause pizzakveldar med fargerike post-it-lappar på bydelshuset, skriv Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen.

Medverknad i stadsutvikling og planprosessar er eit gode, og ein debatt om kvalitet for slike medverknadsprosessar vil forhåpentlegvis bidra til betre resultat for dei som skal medverke. Men kven er det eigentleg som medverkar, og kva er insentiva til å medverke? Det er openbart at det ofte ligg ei von om eiga vinning som motivasjon for å delta i langsame og krevjande medverknadsprosessar. Leigebuarar i Noreg har ikkje desse insentiva.

Leieboerforeningen har delteke i mange medverknadsprosessar med leigebuarar dei siste åra. Nokre av desse har dreid seg om stadsutvikling, medan dei fleste dreier seg om medverknad i bumiljø. Vi har erfart at mange går lei.

Og kvifor skulle til dømes leigebuarar i kommunale bustadar på Tøyen – ei av dei viktigste målgruppene for områdeløftet i bydelen – delta i utallege medverknadsprosessar, når usikkerheita om korvidt resultatet vil gagne dei, er så stor? Svaret ligg i leigebuarpolitikken som har blitt ført sidan eigarlinja vart dominerande i den norske bustadpolitikken.

Vi jobbar for at leigebuarar skal få styrka sin rett til medverknad i bustaden, og har nyleg skrive rapporten Leigebuarmedverknad på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Her tek vi føre oss rammene for medverknad i bustaden, og delar inn leigebuarar sine moglegheiter til å medverke på individ- kollektiv og systemnivå. For medan norske bustadeigarar tar sin medverknad i eigen bustad for gitt, er situsjonen fundamentalt annleis for norske leigebuarar. Bustadeigarar i Noreg har ein kulturell og lovmessig rett til å medvirke, både gjennom råderett over eigen bustad, og gjennom bebuardemokratiet som sikrast gjennom burettslagslova og eigarseksjonslova.

Nokre rammer finn vi sjølvsagt, men i det store og heile kan bustadeigarar gjere som dei vil. For leigebuarane ser det ganske annleis ut. Norske leigebuarar har nesten ikkje-eksisterande rettigheiter til å medverke, anten det er i eigen bustad eller på systemnivå. Vi kan aller nådigst få henge opp eit bilete på stova, men då må vi rekne med å få trekk i depositumet dersom vi ikkje brukar dobbeltsidig tape. Er vi snille og greie og går stille i dørene, får vi fornya leigekontrakta etter tre år med uvisse. Riktignok etter at husleiga har blitt marknadsjustert.

No er det ikkje lenger slik at draumen om eigd bustad er innan rekkevidde for oss alle. Andelen husstandar som leiger har auka med 90.000 dei siste seks åra, medan andelen bustadeigarar synk. SSB melder at fleire enn fire av ti leigebuarar kjenner låg tilhøyrigheit til området dei bur i, mot to av ti bustadeigarar. For å skape reell medvirkning i planprosessar må også leigebuarar kjenne at det er verdifullt å medverke. Dit kjem vi fyrst når rammene for leigesektoren blir endra. Kjenner du eigarskap til bustaden din, er sjansen større for at du også kjenner eigarskap til nabolaget og til utviklingsprosessane som skjer der.

25 prosent av norske hushaldningar leiger bustad. Det hadde vore veldig hyggelig om også leigebuarar fekk sjå resultata av endelause pizzakveldar med fargerike post-it-lappar på bydelshuset.

Anne-Rita Andal
Leieboerforeningen