Stygg sprik i Sarpsborg
Link la inn tilbod på 2,6 millionar kroner for prosjektering av ein skule i Sarpsborg. Lusparken bad om 9,1 millionar. Konkurransesjefen i NAL, Per Rygh, spør korleis spriket er mogleg.

Anbodskonkurransen i Sarpsborg galdt prosjekteringa av ein ny barneskule på rundt 7000 kvadratmeter, inkludert idrettshall. Han skal ha plass til 500 elevar. Ein bad om tilbod på komplett arkitektfagleg prosjektering fram til ferdigstilling, med tiltransportering av totalentreprenør på vegen.
– Gjeld det same oppgåve?
Kommunen fekk inn tilbod frå sytten arkitektkontor, langt dei fleste av desse norske. Skilnadene i tilbodsprisane var oppsiktsvekkjande.
Høgaste prisen meir enn tredobla den lågaste prisen. «Kan det virkelig være den samme oppgaven og de samme ytelsene disse firmaene har gitt tilbud på? Er tilbudsunderlaget så upresist at det kan gi rom for så ulike tolkninger av oppgaven? Har arkitektmiljøet altfor dårlig kalkyleverktøy?» spør konkurransesjef Per Rygh på nettsida til NAL.
Tilbodsgjennomsnittet låg på 5,4 millionar kroner. Lusparken arkitekter toppar lista med tilbodet sitt på 9,1 millionar, etterfølgd av Arkitektpartner med 8,3 millionar og Arkitektene Vis-à-Vis med 7,3 millionar kroner.
I andre enden av lista «toppar» Link arkitektur, som er Noregs største arkitektkontor (om ein ikkje reknar inn tverrfaglege Rambøll), med tilbodet sitt på 2,6 millionar kroner, følgd av SG arkitekter med 3,1 millionar og Aursand og Spangen med 3,6 millionar kroner.
Sysselsettinga er høg blant norske arkitektar i dag. Det gjer det ekstra merkeleg at nokon finn det interessant å by på ei yting «så langt under de normalkalkyler som det er vanlig å operere med», meiner Rygh. Han har rekna på tilbodet frå Link og kome fram til at det inneber ein arbeidsinnsats på under ein halv time per kvadratmeter. Det er lite, slår han fast.
– Har kontroll
Arkitektnytt tok kontakt med administrerande direktør i Link arkitektur, Siri Legernes, og spurde korleis kontoret kunne svare for å leggje inn eit så lågt tilbod.
Legernes ønskja ikkje å kommentere tilbodet på skulen i Sarpsborg spesielt, og heller ikkje andre tilbod, spesielt, men sa at Link nokre gonger ligg høgt i pris, andre gonger lågt, og har medvetne grunnar for å gjere dette. Ho ville gjerne at Arkitektnytt såg på totaliteten i praksisen til Link.
– Vi har kontroll på skulemarknaden. Vi har prosjektert mange skular, har stor røynsle på området og har fått premiar for kvaliteten på arbeidet vårt, påpeika ho.