Statsbygg frikjent frå regjeringskvartal-klage
Klagenemnda for offentlige anskaffelser har frikjent Statsbygg i arbeidet med det nye regjeringskvartalet.

I halvanna år har Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) behandla habilitetssaka om regjeringskvartalet, og vurdert om Nordic Office of Architecture har hatt nokon fordelar i plan- og designkonkurransen. Arkitektkontoret, som deltok på to workshopar i samband med forarbeidet for reguleringsplanen, blei del av Team Urbis. Teamet vann med forslaget Adapt.
– Veldig glad for tydeleg respons
Klaga blei sendt inn av Team G8+, Team R25, Team Nils Torp+, Team R og Team Magma, altså dei fem resterande teama som deltok i plan- og designkonkurransen. Klagarane utgjer ifølgje Aftenposten til saman 19 arkitektkontor. Men klaga nådde ikkje fram. «En eventuell tidsmessig fordel på bakgrunn av forutgående kjennskap til reguleringsplanen, vil […] uansett være utjevnet,» skriv KOFA i Kofa-sak 2018/158.
Gudmund Stokke, partnar og designsjef i Nordic Office of Architecture, er letta av avgjerda.– Eg må seia at eg er veldig glad for at det kjem ein så tydeleg respons frå KOFA. Det er fint å få klarheit i spelereglane for bransjen, og det er nå stadfesta gjennom vedtaket KOFA har gjort, seier Stokke.
– Eg kjenner ei veldig stor personleg glede og tryggleik i over at det er så tydeleg, særleg fordi at Nordic har ei så sentral rolle i denne saka, seier Stokke.
Etterlyser meir audmjukt Statsbygg
– Me har heile tida opptredd korrekt i denne saka, derfor er det godt at den nå er ute av verda. Klagarane har ikkje fått medhald på nokon punkt eller innvendingar, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Aftenposten.
Ho presiserer til avisa at dei kan bli endå tydelegare i måten dei informerer på i slike saker.
President i Norske arkitekters landsforbund (NAL), Gisle Løkken, har følgt saka. Løkken synest saka verkar uryddig og etterlyser eit litt meir audmjukt Statsbygg. Uansett om det finst nokon formelle bindingar mellom personane eller ikkje, er tillit til konkurransegrunnlaget heilt essensielt, meiner Løkken.
Klagesaka
- Klaga, som er retta mot Statsbygg, blei sendt inn til Klagenemnda for offentlige anskaffelser 7. mai 2018
- Klagarane hevda at Statsbygg hadde brote føresegner i anskaffelsesforskriften om rådgjevarhabilitet, uavhengigheit og anonymitet
- Dei hevda også at byggherren hadde brote føresegnene om oppdragsgjevarhabilitet i forvaltningslova
- Samarbeidet mellom representantar frå Nordic Office of Architecture og Statsbygg i reguleringsplanprosessen stod sentralt i klaga.
Kjelde: NRK og Anbud365.no
– Det er ikkje alltid at jussen er målestokken her. Me kan ikkje styra og måla alt i paragrafar. Tilliten kan ikkje stillast spørsmål ved, seier Løkken.
– Utanfrå er det ikkje bra å ha kjennskap til tankesett, til personar, og at ein jobbar saman om premissa som blir grunnlag for prosjektet. Det er ikkje nøytralt, uttalar Løkken.
Stokke kommenterer tillitsspørsmålet Løkken stiller:
– Det må han stå ansvarleg for sjølv. Eg trur ikkje eg skal ha ei meining om det, svarer Stokke.
– Kva gjer denne avgjerda med måten de arbeider med regjeringskvartalet framover?
– Prosjektet har gått i henhald til plan heile tida. Vedtaket har inga praktisk verknad på framdrift eller måten me jobbar på. Me skal levera forprosjektet vårt i april og er veldig godt nøgde med utviklinga av prosjektet, seier Stokke.
Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA)
- KOFA er eit uavhengig statleg organ samansett av ei nemnd med 10 medlemmer.
- Nemnda handsamar klagar frå leverandørar eller andre med sakleg klageinteresse som gjeld brot på regelverket for offentlege innkjøp.
- KOFA kan gje bot for ulovlege direkte kjøp. Avgjerda i desse sakene er rettsleg bindande for partane.
- Avgjerder som følgje av andre brot på innkjøpsreglar er rådgjevande, altså ikkje rettsleg bindande.
Kjelde: Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA)
– Regjeringskvartalet er spesielt
Gisle Løkken i NAL er prinsipielt opptatt av grunnlaget i arkitektkonkurransar.
– I utgangspunktet er NAL opptatt av arkitektar sine vilkår i konkurransesaker, fordi arkitektane legg ned så mykje tid og pengar i konkurransesamanheng. Derfor er me sensitive på at vilkåra skal vera rette, at det ikkje føregår noko i prosessen som drar denne i uredeleg retning. Regjeringskvartalet er eit spesielt prosjekt fordi det er så stort og har store økonomiske rammer, utdjupar Løkken.
– Viktig å kasta lys over saka
Dei fem teama som klaga inn saka er representert av advokat Inger Roll-Matthiesen. Til Aftenposten seier ho at klientane er skuffa og overraska.
– Samstundes var det viktig for dei å få kasta lys over kjernespørsmålet i saka. Dei meinte det var eit samfunnsansvar å seia ifrå, seier Roll-Matthiesen til Aftenposten.
– Her var det forhold som indikerte at den tilliten som deltakarar skal ha til at konkurransar ikkje skjedde med heimel i gjeldande regelverk. Derfor ba dei KOFA om ei rådgjevande utsegn, seier Roll-Mathisen til avisa.
Deltok i to workshopar
Klagarane har reagert på byggherren sin habilitet i plan- og designkonkurransen. Før konkurransen blei kunngjort, gjennomførte Statsbygg fleire prosessar, blant anna arbeidet med å få vedtatt ein reguleringsplan for heile området. I to workshopar deltok to personar frå Nordic Office of Architecture og tre personar frå Statsbygg. I plan- og designkonkurransen, som seinare blei kunngjort, fungerte to av dei Statsbygg-tilsette som juryleiar og jurymedlem. Den siste personen leia arbeidet med å evaluera tilboda, skriv Anbud365.no.