Interiørarkitektur

Rommet i rommet

Interiørarkitekt og møbeldesignar Kamilla Stokkevåg har utforska det intuitive møtet med rom i prosjektet «Lytteland». Nå er ho Årets nykommar under Bergen Design Festival.


─ Biblioteka blir meir og meir ei oppleving. Eg ville laga eit møbel som er med på å gjera det til eit spennande rom, seier interiørarkitekt og Årets nykommar, Kamilla Stokkevåg. Foto: Jane Sverdrupsen/Universitetet i Bergen

Kamilla Stokkevåg (26)

  • Interiørarkitekt og møbeldesignar
  • Arbeider til dagleg i LINK arkitektur Stavanger
  • Master i design frå Institutt for design ved Universitetet i Bergen
  • Årets nykommar ved Bergen Design Festival 2019 for masterprosjektet «Lytteland»
  • Utstillinga av prosjektet «Lytteland» står for tida på Fabel flora i Bergen

─ I staden for at det tydeleg er ein stol, er det ei form, slik at du med din kropp kan tilnærma deg forma på ein open måte. «Ile» er ikkje heilt eit møbel, ikkje heilt del av rommet, men eit romleg element, fortel interiørarkitekt Kamilla Stokkevåg. 

Forlenging av bøkene

Denne veka blei ho kåra til Årets nykommar under Bergen Design Festival for masterprosjektet «Lytteland». Stokkevåg ville utforska korleis miljøet i eit bibliotek for barn kan spegla bøkene. Møbelet «Ile» tar utgangspunkt i Bergens-bydelen Laksevåg og lokalmiljøet sitt ønskje om eit bydelsbibliotek. Interiørarkitekten ville laga eit møbel som utstrålar barn si undring.

─ «Ile» er ei forlenging av bøkene biblioteket rommar. Leiken kan vera eit mål i seg sjølv – og ein veg til leselyst, seier Stokkevåg. 

Bergen Design Festival

  • Årleg festival arrangert av Design Region Bergen
  • Skal feira og samla Vestlandet si designnæring
  • Festivalen blir arrangert 4.─10. november

Kroppen i rommet

Stokkevåg sin bakgrunn frå dans var viktig for prosjektet. Korleis ein intuitivt blir trekt mot eller nysgjerrig på ulike former i rom, er noko som inspirerer Stokkevåg. 

 ─ Eg ville oppmuntra til rørsle og annleis bruk av møbelet, og bryta litt med korleis eit tradisjonelt møbel ser ut. Når ein jobbar med barn, kjem det med éin gong.

Møbelet legg til rette for å krypa inni, over, leggja seg over eller klatra.

─ Det har eg også sett når det står på kant, at møbelet har ei samlande effekt blant vaksne, seier Stokkevåg.

Motivet på tekstilen er frå Landås bibliotek, designa frå eit bearbeidd foto av rusten på trappa opp til biblioteket. Foto: Jane Sverdrupsen/Universitetet i Bergen

Ramme for forteljarsituasjon

─ Du har laga eit møbel for formidling av litteratur. Kvifor er det viktig?

─ Eg føler at det kan vera eit møbel lausrive frå settingen det blei til i, presiserer Stokkevåg.

─ Men eg blei involvert i prosess som handla om bydelsbiblioteka, og blei engasjert i Laksevåg, som mista biblioteket sitt i 2004. Ideen blei eigentleg til ved at eg reiste rundt og var med på forteljarstunder. Kunne prosjektet vera ei form i eit bibliotek, ei ramme for forteljarsituasjonen? Fortel Stokkevåg.

─ Kva har inspirert sjølve designuttrykket?

─ Rørsla og det organiske. Forma har blitt til direkte av funksjon, ut frå tre ulike vinklar. Det skulle stå støtt uansett, seier Stokkevåg.

  «Ile» er produsert i ulltekstil, skum og heiltre ask. Motivet på tekstilen er frå Landås bibliotek, designa frå eit bearbeidd foto av rusten på trappa opp til biblioteket. Kan det masseproduserast?

─ Eg prøver å ta det vidare. Eg trur det er eit møbel som har potensial som kunne stå i ulike typar offentlege rom.