Lovande arkitektar og evig ung designar
I mai opnar Nasjonalmuseet to sommarutstillingar i Oslo, ei for norske arkitektar under førti og ei for industridesignar Sven Ivar Dysthe.

Det er fjerde gong arkitekturavdelinga i Nasjonalmuseet mønstrar lovande unge norske arkitektar. Utstillinga med den sakelege tittelen «Under 40. Ung norsk arkitektur 2013» presenterer Atelier Oslo, CTRL+N, FFB, Huus og Heim Arkitektur, Eriksen Skajaa Arkitekter, Lala Tøyen, MDH Arkitekter, Rodeo Arkitekter, Superunion Architects, SFOSL og Tyin tegnestue Arkitekter.
Bankplassen 3: Noko nytt i landet her?
Dei elleve kontora er valte ut mellom 70 og 80 norskregistrerte kontor. Intensjonen har ikkje har vore å vise eit tverrsnitt, men eit utsnitt, «nye talenter som vi har tro på at vil prege det norske arkitekturfeltet i årene som kommer», ifølgje pressemeldinga. Dei ansvarlege for utstillinga er kurator Anne Marit Lunde, prosjektleiar Nina Frang Høyum og utstillingsarkitekt Line Kaasine.
Utstillinga skal dokumentere korleis dei nyetablerte kontora har skaffa seg fotfeste i marknaden, funne seg nisjar, og det er eit mål å få fram om dei står for noko nytt som bryt med tradisjonen frå «Fehn-generasjonen», og om dei er samfunnsengasjerte, ideologiopptekne og internasjonalt orienterte.
Dei unge brukar digitale reiskap og er truleg sterkare prega av globalisering og internasjonale trendar enn forgjengarane, heiter det. No får dei øve innverknad som førebilete på ei nasjonal utstilling frå 3. mai til 29. september.
Kunstindustrimuseet: Dei gamle er eldst
Industridesignar Sven Ivar Dysthe blir hylla som «en av våre mest markante designere i etterkrigstiden», med utstilling i Kunstindustrimuseet, «Dysthe Design. Swinging 60». Tittelen indikerer at han har 60 års verksemd bak seg i faget.
I 1953, som student ved Royal College of Art i London, fekk han i oppgåve å lage eit treskrin som skulle vere skulen si kroningsgåve til dronning Elizabeth. Han var da 22 år og fekk ein pangstart på designarkarrieren.
Dysthe har vore med på å endre biletet av det «norske» gjennom å stå for eit «elegant, internasjonalt og ukunstlet» formuttrykk, ifølgje pressematerialet. Han har vore særskilt oppteken av møbelmodellar. Stolen Laminat er selt i meir enn 900 000 eksemplar. I 1964 lanserte han den første kulestolen i landet. Han har også utforma reolar, kjøkeninnreiingar, hyttemøbelsystem, trykkluftkompressor, ulike lamper og dessutan revolusjonert skibindinga.
Sven Ivar Dysthe har fått mange utmerkingar. I 1989 vart han heidra med Jacob-prisen, og no blir han feira med utstilling i Kunstindustrimuseet frå 5. mai til 22. august.