Litteraturhusbølgja slår over oss
Kommentar: Orda kjem føre bygningane når Fredrikstad og Bergen opnar litteraturhus i slutten av januar, og bølgja stansar ikkje der.

Kva er det med litteraturhusa som dreg? Kan hende det at ein kan få oppleve ein nærleik til menneske og ord som ein blir trøytt av ikkje å finne i dei asosiale media, i straumen av digital informasjon, eller i fjesbøker og blogging. Ord er skaparar av virtuelle røyndomar, og dei treng ikkje informasjons- og kommunikasjonsteknologi, dei treng berre å bli brukte av menneske.
Nytt hus i Fredrikstad
Suksessen til litteraturhuset i Oslo har skapt ei bølgje som har fått stadig fleire til å finne fram badeutstyret. Både Moss, Lillehammer, Skien og Odda har starta opp, og planar ligg føre for litteraturhus også i Tromsø, Stavanger og Trondheim.
Bygginga av litteraturhuset i Fredrikstad kan likne på eit eventyr, og er kan hende ein roman verdig, eller i det minste eit dikt eller ein prolog til opninga, om ikkje den slags er blitt for gammalmodig. Også litteraturen har sine trender.
Tomta til huset vart gjort klar etter at huset som stod der, brann i 2007, om lag samstundes med at litteraturhuset i Oslo opna til braksuksess. Skal tru om ryktet spreidde seg som eld i tørt gras sørover gjennom Østfold?
Ein fekk ikkje eit nytt tradisjonelt næringsbygg på den sentrale og attraktive tomta, men eit hus for litteratur og journalistikk, mat, media og arkitektverksemd. Det blir store og små salar, grupperom, ei barneavdeling, lokale for Libris bokhandel, Fabel bokcafé og matbar, Earthtree Media, Institutt for Journalistikk attåt kontorlokale i toppetasjen for Griff arkitektur og kommunikasjon, som har teikna huset.
Det blir næringsverksemd i det tre tusen kvadratmeter store huset, men Stiftelsen Litteraturhuset er i seg sjølv ikkje-kommersiell. Drifta heng på stønad frå fond, stiftingar, det offentlege og inntekter frå sponsorar, billettsal og utleige av lokale.
Målet er å skape ein arena for litteratur, debatt og meiningsutveksling, utan å kopiere Oslo eller planane for andre stader. Dei vil finne si eiga form i Fredrikstad. På programmet for 2013 står mellom anna «Ord på onsdag» kvar onsdag, «Historietimen» annankvar tysdag, «Poesi på søndag» og «Abels hage» kvar månad, opplegg for barn kvar torsdag, laurdag og nokre søndagar, og temauker to gongar i halvåret.
Oppussing i Bergen
I vest fekk ein retteleg fart på surfebrettet etter at forretningsmannen Trond Mohn i byrjinga av 2011 gav ti millionar kroner i gåve. Med løfte om stønad frå kommunen, Visjon Vest og Fritt Ord kunne oppussinga av Østre Skostredet 5–7 ta til.
Om lag to tusen kvadratmeter gir plass til kafé, skriveloft for forfattarar, auditorium, selskapsrom og kontor for administrasjonen, Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Ein vona å bli mindre konforme enn i Oslo, heiter det. Ifølgje prosjektleiar Rebekka Kvelland er debattkulturen i Bergen freskare enn i hovudstaden.
Kva er beste vegen å gå, å byggje nye litteraturhus, eller å renovere gamle hus, eller å gå i gang utan å ha eige hus? Eg meiner at bygningen i alle høve ikkje er det viktigaste. Ein treng ikkje lysande signalbygg. Det står om menneskelege møte. Lukka for litteraturhusa ligg i orda. Dei er meinte til kommunikasjon, og i litteraturhusa kan dei finne den menneskelege fellesskapen dei høyer til i.