Kommentar: Nytt liv i den ubrukelege historiske byen
Det er masseflukt frå viktige historiske bygningar i Oslo for tida. Dette er problematisk, men gjenbrukspotensialet er høgt.
Fra papirutgaven Arkitektnytt 02/2016

– Et prosjekt om den pågående fraflyttingen av viktige historiske bygninger i Oslo.
– Utviklet av Superunion-arkitektene Johanne Borthne og Vilhelm Christensen, arkitekturhistoriker Even Smith Wergeland og Arkitektnyttredaktør Martin Braathen.
– Støttet av Oslo Pilot, et 2-årig forprosjekt for ny kunstbiennale i Oslo.
– Første del av Den omrokerte byen, «Konsolider eller dø», vises for tiden i lokalene til Oslo Pilot i Prinsens gate 2. Presentasjonen synliggjør de kulturpolitiske årsaksforholdene bak flyttingen og kartlegger hvordan Oslos bylandskap endres som en følge av dette.
– Fem bygninger er i fokus: Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Deichmanske bibliotek og Munchmuseet.
– Neste del av prosjektet vil bestå av en rekke debatter i Prinsens gate 2, der aktører fra norsk kunst, arkitektur, politikk og forvaltning vil drøfte fremtiden til de aktuelle bygningene.
Midt på 1990-talet vart det staka ut ein heilt ny kurs for norsk kulturpolitikk fram mot tusenårsskiftet. Norske museum og bibliotek skulle ut av bakevja ved hjelp av ny teknologi, nye formidlingsplattformer, nye organisatoriske modellar og nye kulturbygningar. No, 20 år seinare, ser vi konsekvensen av dette i Oslo: Nasjonalgalleriet, Deichmanske, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Munchmuseet skal skifte ham, frå historiske til nye arkitektoniske landmerke.
Mindreverdigheitskompleks
Dei statlege utgreiingane frå 90-talet inneheld fleire komparative analyser av norske og utanlandske kulturbygg. I desse kjem dei norske dårleg ut: «På somme område har Noreg – til dømes samanlikna med grannelanda våre – kome seint i gang med å gjennomføra nasjonalt viktige byggjeprosjekt på kultur-
området,» som det står skrive i Stortingsmelding nr. 48 (2002-2003).
Oppskrifta på korleis dette skulle endrast er nedfelt i same stortingsmelding: «Kategorien nasjonale kulturbygg bør i åra frametter femna om bygg av eit særleg stort omfang.» Med denne formuleringa lanserte regjeringa Bondevik II ein ekspansiv kulturpolitikk der store nybygg skulle få ei avgjerande rolle.
Problemet er ikkje nybygg i og for seg, men at det har oppstått ein ubalanse mellom nytt og gammalt, fordi verdien av fortida vart nedvurdert i revisjonen av det norske kunst- og kulturfeltet. Den som les dei offentlege utgreiingane frå 1990- og 2000-talet, vil sjå at ord som «mangelfullt», «smått» og «vanskeleg» går igjen i omtalen av dei historiske anlegga, som dermed hamnar i eit anakronistisk lys: «Fleire av dei teater- og museumsbygningane vi i dag har i dei største byane og i landet elles, er eit resultat av oppbygginga av den kulturelle infrastrukturen i den nasjonsbyggjande perioden,» står det i Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000). Som om dette er eit problem.
I kontrast til denne historielause storskalaentusiasmen, snakka Mari Hvattum om miniatyrmonumentalitet då ho skildra det historiske nettverket av praktbygningar i Oslo under av opninga «Konsolider eller dø» (sjå faktaboks). Hvattum peika på at det er kvaliteten på arkitekturen og det kulturelle innhaldet som avgjer om Noreg er ein stor kulturnasjon, ikkje storleiken på bygningane.
I lys av dette kan ein fint påstå at det er vel så provinsielt å kopiere internasjonale signalbyggtrendar som å ha eit lite nasjonalgalleri.
Flyttebonanza
Den sterke trua på store nye kulturbygningar heng nøye saman med statlege visjonar om institusjonelle samanslåingar. Nye konstellasjonar var meint å skulle «motvirke tilstivning og fragmentering» og «fremme helhetstenkning», som det er uttrykt i ei stortingsinnstilling frå november 2000. Dette var startskotet for ein periode med talrike konsolideringsprosessar på det norske kulturfeltet.
Omlokalisering vart ein viktig faktor i den statlege konsolideringspolitikken. «Målet om tilgjenge for dei mange krev at kulturbygningane er plasserte slik at dei er lette å nå for publikum,» vert det påstått i Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000). Underforstått, dei kan ikkje liggje der dei er i dag. I Oslo-
samanheng har dette gjeve seg utslag ved at bortimot alle dei viktigaste kulturaktørane har søkt seg til Fjordbyen.
Dermed har dei faktisk gjort seg mindre tilgjengelege. Det eksisterande nettverket av historiske bygningar ligg så midt i Oslo som det går an å kome. Det er ein del av kvardagsbyen Oslo, i kontrast til Fjordbyen, som må lokke folk til seg ved hjelp nybygde attraksjonar.
Omsynet til publikum
Men kanskje var det slik at publikum allereie var i ferd med å svikte dei historiske
bygningane? Nei, det var ikkje tilfelle. I den offentlege utgreiinga Museum Mangfald, minne, møtestad (1996) står det blant anna at «Norske museum har dei seinaste åra hatt eit besøksvolum på 8,4–8,6 mill. gjester. Det tilsvarer 2 museumsbesøk pr. år pr. innbyggjar. Det er høgt i internasjonal samanheng.»
Likevel vart altså fleirtalet av dei historiske bygningane stempla som utrangerte og utilgjengelege. Ein frykta nemleg at dei historiske bygningane ikkje var godt nok rusta til å tole publikumsveksten. «Fasilitetane for publikum er umoderne og ikkje dimensjonerte for ei så stor tilstrøyming,» heiter det i stortingmeldinga Kjelder til kunnskap og oppleving (1999-2000). Igjen jobba den statlege retorikken for det nye og mot det gamle.
Tid for ny debatt
Den statlege kulturpolitikken, som saumlaust har gått i stafett mellom borgarlege og sosialistiske regjeringar, må altså ta mykje av skulda for at den historiske bygningsmassen vart parkert utover på 2000-talet. Samstundes må dei enkelte institusjonane som snart er på flyttefot, ta sin del av skulda. I dei statlege dokumenta skin det tydeleg gjennom at alle såg sine snitt til å hoppe på utviklingstoget så snart sjansen baud seg.
Dei nye kulturbygga i Oslo kan sjølvsagt verte fine tilvekstar, men det er likevel urovekkande at ingen reflekterte noko særleg over dei vidtrekkande konsekvensane av å forlate så mange bygningar på så kort tid. Fleire har mana til debatt om dette, deriblant arkitekt Erik Collett, og no er det på høg tid at debatten kjem opp igjen.
Den bør sjølvsagt handle om lagnaden til dei enkelte bygningane, men kanskje i endå større grad om samspelet mellom dei. Oslo står faktisk ovanfor ei rik mulegheit no, viss det vert utvikla gode strategiar for gjenbruk. Desse bør vere heilskaplege, gjerne med kultur som fellesnemnar, slik at dei historiske relasjonane vert haldne ved like, sjølv med nytt innhald. Det var overordna strategiar som avvikla dei, og no trengst det overordna strategiar for å revitalisere dei.
