Klokkene ringjer for ny tevling
Ny Østre Porsgrunn kirke skal stå ferdig i 2016, og ei arkitekttevling er i emning.

Arkitektar flest er ikkje særs iherdige kyrkjebrukarar, dei trur ikkje meir enn folk flest. Men å teikne kyrkjer, det vil dei, det er stas som knapt noko anna.
Trongen til å teikne kyrkjer
Det er freistande å seie det rett fram, sjølv om det ikkje er god tone eller danna tale: Ein kyrkjebrann eller to er som lys i mørkret for arkitektar. Dei fyller tilveret og profesjonen med meining. Ikkje direkte, men Noreg er jo eit kristent land, trygga av kongen sjølv, og når ei kyrkje brenn ned, kjem det snart opp ei ny, og kyrkja må teiknast av nokon!
I den opne konkurransen om nye Våler kyrkje deltok 239 arkitektar. Det vil seie at 238 arkitektar ikkje nådde opp. Dei ventar no på den forløysande lovnaden om ei ny tevling, ein ny sjanse. Og frelsa er kan hende rett rundt hjørnet.
Brannen i Porsgrunn
For kyrkjelyden i Porsgrunn var det ei særs trist hending at den kvitmalte korskyrkja gjekk opp i flammar. For vanlege menneske som ikkje er arkitektar, kan eit nytt gudshus ikkje erstatte bygget som historia sjølv har gjort til ein heilagdom, etter at bygget har gjort teneste gjennom mange generasjonar.
Men den gamle kyrkja forsvann i brann i 2011, og ei ny kyrkje skal og må kome. Etter planen skal ho stå ferdig alt i 2016. Telemarksavisa opplyser 18. november på nettsidene at forsikringa har gjeve ei startpakke for bygget på 41 millionar kroner, av dette 29 millionar for kyrkjebygget og 12 millionar for interiøret.
Kostnaden for den nye kyrkja er rekna ut til å bli 75 millionar kroner, så kommunen må supplere med eit bidrag på høgd på forsikringssummen. Men reknestykket er usikkert. Reguleringsarbeidet med kartlegging av kulturhistoriske element kjem attpå, og det gjer truleg òg ei eller anna form for arkitektkonkurranse om utforminga.
Kyrkjesjefen i Porsgrunn, Johannes Sørhaug, seier i Telemarksavisa at ein anten må halde open konkurranse eller satse på ei avgrensa tevling med frå fire til seks deltakarar. Kostnaden vil i begge høve bli om lag ein million kroner, meiner han.
For og imot ope tevling
I Arkitektnytt 08/12 gav arkitekt MNAL Arne E. Sæther, tidlegare Statens kyrkjekonsulent, ei vurdering av arkitektkonkurransen om nye Våler kyrkje. Han peikar på arkitektane si tru på sine eigne visjonar for utforminga av heilagdomen, og den ofte skrantande innsikta i korleis kyrkja treng å fungere.
– Ordet «sakral» tyder «hellig», som på si side tyder «satt til side», opplyser Sæther og poengterer ut frå dette: «Kirken er satt til side for å tjene.»
Han meiner at arkitekturen i seg sjølv ikkje er målet, men huset som ein stad å kome til, vere saman med andre og kjenne tryggleik.
– Når så mange bommar på målet som i konkurransen om nye Våler kyrkje, blir ein open konkurranse ei form for sløsing med ressursar, meiner Sæther, og gir dette rådet til kyrkjebyggjarar: – Engasjer tre til fire arkitekter som har tegnet kirker før, pluss en eller to unge talentfulle arkitekter. Resultatet i forhold til arbeidet som blir nedlagt, vil bli mye bedre.
Per Rygh, konkurransesjefen i Norske arkitekters landsforbund, svara Sæther i neste nummer av Arkitektnytt med å gå god for den opne konkurransen sine føremonar. Med ordinær prekvalifisering til ein avgrensa konkurranse ville ein knapt fått fram eit einaste eitt av dei fem premierte eller innkjøpte forslaga i konkurransen om nye Våler kyrkje, argumenterer han og meiner det er rart at Sæther ikkje har sett dette poenget.
Vi får sjå kva for poeng og middel dei kjem ut med i Porsgrunn, korleis rammene for prosjekteringa av det nye kyrkjebygget blir.