Interiørarkitektur i galleriformat
─ Det er viktig å kommunisera all type arkitektur i ein annan samanheng, fordi ein kan laga eit meir konsentrert bilete, seier interiørarkitekt Morten Kaels, som nå stiller ut ti verk i Oslo.

Førre veke opna utstillinga «Interiørarkitektur på gjenlån. Ti objekter 2009–2019» på RAM Galleri i Oslo. Der viser interiørarkitektur-studioet Kaels ti objekt designa i løpet av ti år. Interiørarkitekt MNIL og dagleg leiar i Kaels studio, Morten Kaels, fortel meir om prosjektet.
─ Kvifor er det viktig å stilla ut interiørarkitektur?
─ Det er viktig å kommunisera all type arkitektur i ein annan samanheng, fordi ein då kan laga eit meir konsentrert bilete av kva ein ønskjer å seia, seier Kaels.
Han held fram:
─ Då kan du plukka ut ti prosjekt og setja dei saman. Me tenkjer at det er veldig viktig å gjera dette med interiørarkitektur, sidan arkitektur ofte blir diskutert frå utsida og veldig få slepp inn på innsida. Då er det spennande å sjå kva som skjer på innsida.
Interessant dialog
Prosjekta presentert i utstillinga er utvikla for Galleri Format, Bildende kunstneres hjelpefond, Nasjonalmuseet i Oslo, Asker Rådhus, Kunsthøgskolen i Oslo, SMFB, NORAD, Motion Blur, Aktiv mot kreft og Kon-Tiki-museet. I utstillinga er det dermed åtte objekt og to veggkonstruksjonar.
─ Kva ønskjer de å formidla med desse objekta?
─ Me har valt ut prosjekt der me har blitt utfordra og der me har utfordra oppdragsgjevar. Det dei har til felles er ein interessant dialog med eit spennande resultat. Objekta er ein litt annan type interiørarkitektur. Det er viktig å kommunisera at dette finst, seier Kaels.
Kompletterer opplevinga
Kaels studio har lenge hatt sterke band til kulturlivet.
─ Me teiknar ikkje for masseproduksjon. Me teiknar objekt som høyrer til akkurat det rommet og forsterkar interiøret. Eksempel er utstillingsbenken me teikna for utstillinga «Munch 150». Benken skal hjelpa scenografien til å hengja saman. Den fortel folk kor dei skal stoppa, betrakta kunsten, og kompletterer opplevinga rommet, utdjupar Kaels.
─ Galleriet er ein stad kor du omset ein idé, der du kan gå inn i eit rom og studera ting enkeltvis. Det er vanskeleg å kommunisera interiørarkitektur, og då må finna eit grep kor folk får eit blikk inn i kor det kjem frå.