Nyheter

Høgare tollsatsar på importert arkitektur?

Den komande utstillinga til Nasjonalmuseet vil fokusere på den aukande mengda med utanlandske prosjekt her i landet.


Er prosjekt teikna av utlendingar meir norske enn kva vi teiknar sjølv, spør artikkelforfattaren.

Dansk-belgiske JDS teikna den nye Holmenkollbakken. Amerikanske Steven Holl teikna Hamsunsenteret på Hamarøy. Italienske Renzo Piano forma det nye Astrup Fearnley-museet på Tjuvholmen i Oslo, og tyske Kleihues + Schuwerk vann konkurransen om Nasjonalmuseum for Vestbanen.

 

Desse fire prosjekta, og fleire andre, blir å sjå i den store vinterutstillinga til Nasjonalmuseet i lokala ved Bankplassen.

 

Historisk runddans

Utanlandske prosjekt poppar opp i Noreg, men utanlandsk arkitektur er langt ifrå noko nytt fenomen her i landet. Tvert imot. Dansk- og tyskætta arkitektar dominerte profesjonen på 1800-talet. Mange av desse var likevel sterkt opptekne av dei nasjonale norske byggetradisjonane i tråd med dei historistisk-romantiske straumdraga i den andre halvdelen av hundreåret.

 

På 1900-talet, med opprettinga av ei norsk arkitektutdanning, vart vi sjølvforsynte med arkitektar, men ironisk nok var dette òg ei tid for industrialisering, masseproduksjon og dyrking av internasjonale stilideal med berre eit minimum av nasjonal tilpassing. Vi fekk ein innfødt norsk, men ikkje ein meir nasjonalsinna arkitektstand.

 

Dette historiske perspektivet kan danne ein bakgrunn for å reise spørsmålet om dei utanlandske arkitektane i Noreg styrkar ein type globalisering som viskar ut nasjonale og kulturelle skilnader. Eller om utlendingane snarare er meir opptekne av å formulere ein norsk eller nordisk identitet enn dei norske kollegaene.

 

Oppmoding til debatt

Eit anna spørsmål er om arkitektar utan røynsle med norske verdiar, byggetradisjonar, klima og natur kan skape framifrå arkitektur i Noreg. Seniorkurator Eva Madshus, som er hovudansvarleg bak utstillinga i Nasjonalmuseet, meiner at svaret er ja. Men vonar at problemstillingar som denne, vil utfordre vitjarane og reise diskusjonar. Museet har fleire debattmøte på programmet.

 

Alle prosjekta på utstillinga held eit høgt nivå, opplyser kuratoren, og dei er anten nett ferdigstilte, under oppføring, eller under planlegging. Dei vil bli «viktige inspirasjonskilder som på sikt kan heve kvaliteten på arkitektur i Norge», står det i teksta frå museet.

 

Ja, vil dei det? I alle høve lèt dei utanlandske prosjekta seg ikkje stoppe, ikkje utan store politiske grep, etter innføringa av EUs konkurransedirektiv i 1994, og med den relativt sett omfattande byggeverksemda i Noreg.

 

Vil du sjå utstillinga, har du sjansen mellom 23. november 2012 og 7. april 2013.