Fasadar for fellesskapet
Bergensavisen kårar snart byens flottaste fasade. Det skjer for tredje året på rad. Arkitektar må gjerne kome med framlegg.

– Fasadar tyder meir enn vi trur, seier Monica Hannestad, dagleg leiar i Design Region Bergen og halvparten av juryen.
– Målet med tevlinga er å fokusere på korleis fasadar påverkar kjensler, tilknytning, byrgskap og samhald. I juryen legg vi vekt på samfunnsrolla til fasaden, materialbruk og berekraft, held ho fram.
Ho har sjølv kome med fleire framlegg, som Galleriet, Klosterhagen hotell og Engen 2–8, heile fasaderekkja frå Musik-Magazinet til Colonialen Kjøkken & Fetevare.
Morten Ramm Salbu, leiar av Bergens Arkitektforening og andre halvpart av juryen, har nominert graffitiveggjen på Sentralbadet på vegner av foreininga, ifølgje Bergensavisen. Sjølv var han ikkje å nå på telefon for oppildnande kommentar.
Bergensavisen har fått inn rundt 35 framlegg frå lesarane, opplyser BA-redaksjonen.
Monica Hannestad oppmodar arkitektar om å ta del i tevlinga for å markere profesjonen. Dei kan nominere eigne eller andre sine bygg, og dei treng ikkje vere tidstypiske, om dei berre er imspirerande.
Prisen er heider og ære og plakett på veggen, og fristen for å kome med framlegg er 15. august, gjerne med grunngjeving og bilete, til fasadeprisen@ba.no.