Nyheter

Expo-paviljongen heidra med sølv

Helen & Hards paviljong for EXPO 2010 i Shanghai har gått vegen frå blåmaling til sølvprising for sin arkitektur og design.


Den norske paviljongen under verdsutstillinga i Shanghai har vunne sølv for design og arkitektur. Foto: Innovasjon Norge

Det Stavanger-baserte arkitektfirmaet Helen & Hard vann i 2008 konkurransen om den norske EXPO-paviljongen, saman med idé-entrepenøren Melvær & Lien og Sweco Grøner og i tevling med fire andre grupper.

 

Vinnarkonseptet «The Nature of Norway» stod for ein limtre-konstruksjon med gjennomskinleg tak, som vart reist til opninga av verdsutstillinga. Sidan har han fått mykje merksemd – ikkje minst etter at Innovasjon Norge målte teflon-taket blått for betre lyskjerming under «trea» som ber taket, utan å samrå seg med arkitekten, som ikkje likte denne aksjonen noko særleg.

 

Paviljongen har no, blå eller ikkje, vunne sølv for arkitektur og design i klassa for mellomstore paviljongar, slått av Finland, men på plassen føre Danmark – så her kan ein trygt tale om nordisk dominans. Også den svenske paviljongen hevda seg, med gull for kreativitet og display for dei mellomstore paviljongane. Chile vann klassa for tema (konsept) for dei same mellomstore verka. BUI, det internasjonale utstillingsbyrået, stod bak prisutdelingane.

 

EXPO 2010 har hatt 70 millionar vitjarar, melder NTB i pressemeldinga si, som det høgaste talet for ei verdsutstilling nokon sinne. Den norske paviljongen har hatt 3,2 millionar på vitjing, og det er heller ikkje så lite.

 

Men no er alt over. Siste dagen for verdsutstillinga i Shanghai var søndag 31. oktober.

 

Innovasjon Norge ved Norge på EXPO 2010 har gjort avtale med ein privat kinesisk partnar for overtaking av den norske paviljongen. Så får vi sjå kva farge taket da får.