Eitt nytt steg på promenaden
Hamnepromenaden i Oslo skal etter kvart rullast ut, og fødselshjelparar blir White arkitekter AB, Rodeo arkitekter AS med fleire.

Det er halde parallelloppdrag om den ni kilometer lange fjordpromenaden i Oslo. Framlegga frå dei tre deltakargruppene stod på utstilling på Tjuvholmen frå 30. januar til 17. februar. No har oppdragsgjevaren funne utgangspunktet for prinsipplanen.
Opsjonsutløysing
Kommunen valde parallelloppdrag for å få fram eit spekter av idear og sikre ein open prosess i arbeidet med fjordbyplanane, ifølgje evalueringsrapporten. Eitt av dei tre laga – White arkitekter AB, Rodeo arkitekter AS, Marius Grønning, Arne Egge Thorvaldsen, Tim Lucas og Anders Hagson – utløyste opsjonen for utarbeiding av strategi- og prinsipplan for promenaden og ein gjennomføringsplan for2014/2015.
Dei skal ta utgangspunkt i arbeidet som dei alt har gjort, og dei skal samarbeide nært med oppdragsgjevaren Oslo kommune, leggje til rette for samhandling med kommunale, statlege og private grunneigarar og involvere befolkning og brukarar.
Stor kontekst, mange aktørar
Det skal vanskeleg la seg gjere å finne eit meir spennande byutviklingsprosjekt, kommenterer Henning Sunde, dagleg leiar i Rodeo arkitekter, eit tverrfagleg arkitektkontor med arkitektar, urbanistar og samfunnsvitarar.
– Vi er opptekne av korleis ein kan tenkje arkitektur og byrom i ein større kontekst, leggje teknisk forskrift litt til side og heller fokusere på korleis vi vil leve i byen vår. Det blir spennande å sjå korleis det vidare løpet blir. Mange aktørar er involverte, og det er viktig at alle dreg i same retninga.
Sunde legg til at samarbeidet med White har vore mykje bra. Det svenske arkitektkontoret er eit av Europas største med over 600 tilsette.
Robust og fleksibelt
Framlegget er sterkt på overordna strategisk tenking, mindre utførleg på det meir detaljerte eller taktiske nivået. Det gir eit godt utgangspunkt for ein robust og fleksibel prinsipplan, der ein kan ta inn element frå også dei andre framlegga, utarbeidd av Ghilhardi + Hellsten arkitekter, Studio HP, Tone Hansen, Bollinger Grohmann + Florian Kosche AS og Ljusarkitektur, og av Gullik Gulliksen AS landskapsarkitekter MNLA, Kristine Jensen Tegnestue, Monica Gora, Erling Dokk Holm og SWECO.
Det er lagt stor vekt på samanhengen mellom promenaden som eit offentleg rom og byen elles. Framlegget er kjenneteikna ved fokusering på dei mindre delstrekningane i seg sjølve, framfor dyrking av promenaden som ein heilskap.
Visjonen er at promenaden skal forankrast i eksisterande situasjonar og vere ei forlenging av byens offentlege rom. «Et velbegrunnet og veldokumentert forslag med tydelig samfunnsperspektiv og urbanistisk fundament, som bidrar til å utvikle byen videre,» ifølgje evalueringa.
Konfliktar
Dei tre deltakargruppene har leika seg med mange ulike einskildelement, til dømes leikeplassar, kioskar, fiskeplassar, kajakkutleige, sportsbane, kunstprosjekt, skatepark, ny fergerute, kabelferge, testbeds, ny cruisepir, flytebryggjer og flytande parkar. Noko av dette vil bli utreia nærare og kan hende sjå lyset, men vi får ikkje alt.
Kva for brukargrupper skal ein tenkje mest på? Er det barn og hundar, turistar med pengar, mosjonistane, dei unge og skaterne, eller dei som har falle utanfor? Opsjonsvinnarlaget har, som det einaste, peika på at ein ikkje kjem utanom konfliktar mellom ulike brukargrupper når byromma skal utviklast og endrast, ifølgje rapporten.
I evalueringsgruppa sat hamnedirektør Jan Fredrik Jonas, landskapsarkitekt Thea Kvamme Hartmann, etnolog Nicolai Carlberg, plan- og utbyggingssjef Åsa Nes, sjefingeniør Karl Arne Hollingsholm, seniorkonsulent Lars Frang, enhetsdirektør Stein Kolstø og senioringeniør Carina Holm Thorvaldsen.