Nyheter

DogA med smakfullt tiltak

Designarar og arkitektar komponerer middag ein torsdag i månaden til den nye spisestaden til DogA i Oslo. Designar Runa Klock er først ut.


Runa Klock er gjestekokk på Kafé Transformator torsdag 2. februar. Foto: DogA

«Arkitekter og designere setter ofte sin signatur på restauranter og kafeer ved å formgi bygg og interiør. Hva som serveres på tallerkenene, har de gjerne mindre innflytelse over – men ofte stor interesse for,» seier Norsk Design- og Arkitektursenter (DogA) i annonseringa av den nye programserien «I designerens og arkitektens mage».

 

Overraskingar

Ein gong i kvar månad frametter vil ein matoppteken designar eller arkitekt få prøve seg som kokk for ein trerettars middag, ut frå tilgjengelege råvarer i sesongen. Kva dei kjem til å lage, vil vere ei overrasking for gjestane, som på førehand har betalt rekninga for maten og sit ved borda utan høve til å be om noko anna.

 

Om maten ikkje fell i smak, kan dei likevel nyte presentasjonen til gjestekokken av den sjeldne maten, kan hende få nokre personlege ord undet måltidet til også å smake på, og ikkje minst kan dei spe på rikeleg med drikk, for det er mat i god drikk.

 

Runa Klock med fleire

Første gjestekokk er Runa Klock. Ho svingar grytene torsdag 2. februar klokka 19.30. Ho har tidlegare arbeidd med den franske matdesignaren Marc Bretillot om ein performance-middag på idéfabrikken Transplant i Dale i Sunnfjord. Klock er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og har designa møbel, gjenstandar og rom.

 

Kjetil Trædal Thorsen er kokk 15. mars klokka 19.30. Han er elles arkitekt i Snøhetta og ferskt æresmedlem i NAL, utan tvil prekvalifisert for eit velduftande stunt.

 

Andreas Engesvik er kokk 12. april, og han skulle òg vere sikker vare, da han er ein internasjonalt kjent og mykje stilmedveten designar.

 

Matkokk i mai er enno ikkje valt ut.

 

Festmiddagane kostar kr. 400 (i tillegg kjem sjølvvalt drikk) og kan nytast av alle så langt det er plass. Påmelding via nettsida til Norsk Form.