Arkitekturens år 2011 er i svevet
NAL har vore i tilløpet i nøyaktig hundre år, og no kastar forbundet seg ut frå hoppet for å sveve i eit heilt år og flyge over heile landet.

Norske arkitekters landsforbund traff satsen godt torsdag 6. januar klokka 12. Da tok jubileet til i Arkitektenes Hus i Oslo, rett etter at NAL-presidenten hadde vore i regjeringsbygget og helsa på statsministaren.
Spansk cava med meir
Salen var pynta med ballongar og blomster. Det stod levande lys på høge, runde bord med kvite dukar. Så kom dei, gjestane, NAL-presidentar, høge og låge prominensar, tilsette i NAL, og alle fekk god spansk cava, Marqués de Monistrol 2007, eller alkoholfri drykk.
President Kjersti Nerseth ønska velkommen med å seie at dette var ein mykje spesiell dag for NAL. Ho gjorde så reie for korleis planane for feiringa hadde utvikla seg i fleire trinn fram mot løysinga med ei profesjonell prosjektleiing ved arkitektur- og kunstgalleriet 0047. Ho gav dei to MNAL-arkitektane Øystein Rø og Espen Røyseland kvar sin blomsterbukett for arbeidet med opplegget.
– Lokalforeiningane er berebjelka
– NAL som organisasjon er ein stor smeltedigel av kunne, sa Nerseth og opplyste at ein i jubileumsåret vil bruke kompetansen til å prøve å nå fleire enn dei særskilt interesserte innanfor «folden».
Om administrasjonen ligg i Oslo, er lokalforeiningane berebjelka til NAL, understreka presidenten. Ho såg fram til å vitje alle og til å ta del i dei mangfelte aktivitetane rundt om.
Opninga baud òg på kostelege kanapear i salen og musikk frå galleriet ved songaren Nils Bech og saksofonisten Bendik Giske.
