Nyheter

Den kulturlause framtidsbyen

I idékonkurransen for Hovinbyen er natur, teknologi og idrett vevd saman i mange spennande konstellasjonar. Men noko yrande kulturliv blir det ikkje. 


Fortetting er løyst på mange vis. I dette forslaget, Byen som gror, er det høghus ved knutepunkt som gjeld.
Hovinbyen
  • Stort byutviklingsområde nordaust for Oslo sentrum.
  • Skal romme om lag 27 000 nye bustader og 2,5 mill. m2 næringsareal. 
  • Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune har arrangert ein plan- og idékonkurranse.
  • Konkurransen bestod av treobligatoriske ledd:
1. Byplangrep, skala 1:6000. Skulle utforske et overordna grep for Hovinbyen.
2. Individuell avgrensing, men med kjerneområde som er felles for alle, skala 1:2000.
3. Djupdykk i sjølvvald område/tema.
 
21 arkitektkontor deltok i konkurransen.
  • Utstillinga «Framtidsbilder for Hovinbyen» romma alle bidraga.
  • Dei beste bidraga skal premierast av ein jury.
  • Samla premiesum er NOK 1 500 000.
  • Juryen står fritt til å fordele premiesummen.
  • Konkurranseresultatet blir kunngjort medio mars 2015. 
Juryen består av:
  • Marianne Skjulhaug (juryleder), Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
  • Erling Dokk Holm, Markedshøyskolen i Oslo.
  • Helle Søholt, Gehl arkitekter.
  • Lars Böhme, Malmø kommune.
  • Gerrit Heinz Mosebach, Plan- og bygningsetaten.
  • Alv Skogstad Aamo, DARK Arkitekter.
  • Lars Eivind Bjørnstad, Bydel Bjerke.
  • Mala Wang-Naveen, Aftenposten.
Hovinbyen er det nye urbane satsingsområdet i Oslo kommune. Det strekk seg frå Bjerke i nord til Bryn i sør, med Økern som kjerne i den ambisiøse framtidsvisjonen. Her skal det opprettast talrike nye arbeidsplassar og bustader i åra som kjem, og transportmønsteret skal endrast radikalt. 21 arkitektkontor har levert materiale til ein idékonkurranse, som no er til vurdering hos ein tverrfagleg jury. Dei beste forslaga skal premierast. Alle forslaga blei presenterte i plansjeformat under utstillinga «Framtidsbilder for Hovinbyen», som var tilgjengeleg for publikum frå 28. januar til 8. februar i år.
 
Noko av det mest påfallande med utstillinga er at kulturbasert byutvikling har mått vike for naturbasert byutvikling. Berre eit mindretal av prosjekta inneheld kulturfunksjonar. Kunst, musikk, teater, dans – sjølvsagte element i urbane visjonar frå første del av 2000-talet – er knapt nok representert. I Hovinbyen skal folk drive med heilt andre ting, til dømes friluftsaktivitetar, idrett og meditasjon. Det utvida kulturomgrepet har blitt så omfattande at det tradisjonelle kulturomgrepet har fordampa. Dette handlar om strategiske val. I 2015 er det miljø og berekraft, ikkje kultur, som skal motorisere byutviklinga, og alle bidragsytarane har velviljuge akseptert den føresetnaden. 
 
Utanom denne problematiske blindsona er det mykje fint å melde om, både i den overordna visjonen og i mange av dei innleverte forslaga. Hovinbyen har romslege tomter og er gunstig plassert med tanke på urban utvikling. Dette kjem særleg fram i prosjektet Hovinbyen fra A til Å, som minner om at området geografisk sett ligg midt i Oslo kommune. Under mottoet «Hovinbyen: ikke langt unna» viser det korleis området kan bindast betre saman internt og med resten av byen via sykkelruter, banebasert kollektivtrafikk og andre typar grøn mobilitet. Dette er eit prosjekt som tek infrastruktur på alvor, ikkje berre som eit pragmatisk grep, men som ein integrert del av hovinidentiteten. Det er dessutan forfriskande med eit prosjekt som åtvarar mot å pøse på med nye bustader berre fordi det er plass til det.
Andre ser det heilt motsett. I Byen som Gror er det lagt inn fleire såkalla Extra Largeområde, der fortetting gjennom høghus er den sentrale strategien. Illustrasjonane avslører at kontrasten er svært stor mellom skalaen på eksisterande og nye bustadområde. Det same kan seiast om den tunge knutepunktfortettinga i More Hovinbyen. Desse visjonane er i takt med ynskja til planfaglege og politiske styresmakter i Oslo, som er svært vekstorienterte for tida. Det er derfor ikkje overraskande at storstilt bustadutbygging inngår i fleirtalet av dei 21 bidraga. Men ikkje alle går opp i høgda. Prosum og Hovinfjorden viser at fortetting også kan løysast gjennom moderate byggehøgder og jamn fordeling av bygningsmassen.
 
Utstillinga har både ei sterk og ei svak side i den gjennomgåande grøne profilen. Alle har forstått at miljøargumentasjon er naudsynt for å vinne konkurransen, men det er få som leverer med overtyding. Heldigvis er det eit par prosjekt som klarer å heve seg over den obligatoriske naturmetaforikken og by på både fagleg substans og idérikdom. Det eine er Looptopia, som omstrukturerer heile området med eit sykkelnett som førande motiv. Nesten alle prosjekta inneheld sykling, men dette er det einaste som verkeleg lèt sykkelen regjere. Det andre er Plussby 2050, ein miljøvisjon der gjenbruk, resirkulering og ny teknologi går hand i hand med eksisterande strukturar. Plussby 2050 verkar godt gjennomtenkt og realiserbart, ikkje minst fordi det foreslår ein syntese av nytt og gammalt. Å rive alt opp med rot er ikkje alltid synonymt med god miljøpolitikk, slik ein del av prosjekta ser ut til å hevde.
 
Eit anna gjennomgangstema er teknologi. Dette er nært kopla til berekraft og miljø, men også til næring. Hovinbyen skal bli eit episenter for innovative media- og teknologibedrifter. Dette spelar openbert på draumen om at Økern skulle fungere som medielandsby under OL i 2022. Den draumen brast, men lever vidare i mange av prosjekta. Jaby foreslår ein stor «Media Hub» med referanse til Samsung sitt hovudkontor i New York. Where people meet vil gjerne flytte NRK til Hovinbyen, det same vil O&LO. Dette er ikkje spesielt banebrytande idear, men dei er veldig relevante, ettersom vi lever i ei tid då media- ?og kunnskapsteknologi blir stadig viktigare. Utstillinga viser at forholda ligg godt til rette for at Hovinbyen kan ta hand om dette i Oslo-samanheng.
 
Det alle er samde om, er at Hovinbyen skal bli eit område med aktive, sunne menneske. Helsefokuset er definitivt i tråd med dagens urbane trend, då trening både er profitabelt – kommersielle treningssenter er ofte kopla til nye bustadprosjekt – og populært å drive med. Igjen kan vi spore ein rest av Oslo 2022, som hadde folkehelse som satsingsområde. Eit av dei meir fornøyelege innslaga i utstillinga er cricketbanane til Idrettsbyen Hovin, som opnar for ein kombinasjon av kulturelt mangfald og fysisk aktivitet ved å fasilitere ein unorsk idrett i vekst. Den profesjonelle idretten kjem også gunstig ut, med nye Valle Hovin Arena og nasjonalt tennisanlegg som gjengarar.
 
«Framtidsbilder for Hovinbyen» sprikar i mange retningar, frå det presise til det diffuse, frå det briljante til det håplause. Dette er typisk for ein idékonkurranse. Det beste å ta med vidare er den seriøse miljøsatsinga og eit smart element i den overordna visjonen: å knytte Hovinbyen opp mot den etablerte tette byen. Utstillinga får verkeleg demonstrert kor veleigna denne delen av Oslo er til bymessig utvikling. Men ein større dose kultur kan neppe skade. Fleire av post-it-lappane som folk hadde klistra på innspeltavla til plan- og bygningsetaten, etterlyste nettopp kultur-?funksjonar. Pågåande kulturell produksjon er snart eit framandelement i det sentrale Oslo. Då hadde det utvilsamt vore fordelaktig ?med eit rausare kulturprogram i bindeleddet mellom ytre og indre by.    
 
Se alle de 21 Hoviny-forslagene i vårt bildegalleri.
 
Haraldrud Plusspark, frå Plussby 2015, er tenkt som eit kjerneområde for grøn teknologi i Hovinbyen.
Haraldrud Plusspark, frå Plussby 2015, er tenkt som eit kjerneområde for grøn teknologi i Hovinbyen.