Debatt

Svar til Bane Nor Eiendom

Gunnar Aasen Rogne, seniorarkitekt 22. desember 2022

Det økonomiske reknestykket for riving og nybygg går nok opp, men klimagassrekneskapet har i følge våre innleiande analyser berre raude tal, skriv seniorarkitekt Gunnar Aasen Rogne til Bane Nor Eiendom.

Foto: privat

Først vil eg takke for svaret, det er bra at ein av Norges største eigedomsutviklarar er med i det offentlige ordskiftet.

Når du skriv at den einaste løysinga i Strandgata 19 er å rive for å sette opp eit nybygg så set du fingeren på hovudproblemet i denne saken.

Har Bane Nor Eiendom undersøkt reelle moglegheiter for transformasjon? Bygget har tydelege løysingsforslag innanfor det eksisterande beresystemet. Netto etasjehøgde er i overkant av 2100 mm. Fjernar du ei halvetasje med prefabrikerte betongelement får du over 4 meter takhøgde. Fjernar du to får du eit over seks meter høgt rom - midt i byen. Dette er jo ein kjemperessurs for alle som klarer å sjå litt alternativt på utfordringa. Det er ikkje sikkert at eit kontorbygg er det mest samfunnsnyttige programmet for denne adressa. Kvadraturen og Bjørvika er full av kontorbygg - kva med å lage noko for dei som ikkje jobbar på kontor?

Energi- og klimarådgiver Una Myklebust Halvorsen skriv i sitt innlegg at ein høgst usikker klimagevinst ved eit slikt prosjekt kjem først om seksti år. Når du skriv at “redusert bilbruk vil ha en høy effekt på CO2-utslipp utover bygningskonstruksjonen i et nybygg” så er dette ein usikker påstand. Som Myklebust Halvorsen skriv så oppfører ikkje folk seg alltid slik vi vil og kutt frå utslepp i transport er dei mest usikre tala i klimagassrekneskap.

Det økonomiske reknestykket for riving og nybygg går nok opp, men klimagassrekneskapet har i følge våre innleiande analyser berre raude tal. Om du har andre tal som viser klimagevinsten du snakkar om hadde det vore interessant å diskutert dette vidare, men enn så lenge er dette prosjektet eit sidespor på turen mot Paris.

Gunnar Aasen Rogne
seniorarkitekt