Åpent spørsmål til Bane Nor Eiendom
Om Bane Nor Eiendom meiner noko meir enn tomme løfter med dei fem bærekraftsmål til FN og dei 20 strakstiltaka i Grønn Byggallianse så kan de ikkje gjennomføre riving og nybygg av Paleet, skriv Gunnar Rogne i et åpent spørsmål til Bane Nor Eiendom.

Bane Nor Eiendom har som kjent gjennom fleire oppslag i Aftenposten kjøpt Paleet parkeringshus og planlegg å rive det for å sette opp ein buss-for-tog-sentral i eit kontorbygg av massivtre. Det nye bygget blir omtrent like stort som parkeringshuset som står her i dag og Bane Nor Eiendom uttaler at dei vil bygge eit bygg som kan stå i fleire hundre år. Problemet er at dei riv eit 35 år gammalt bygg i staden for å bygge om - og i den anledning har eg eit spørsmål til Gorm Frimannslund, styreleder i Bane Nor Eiendom.
Meiner Bane Nor Eiendom at Noreg skal følge Paris-avtalen? Ved å signere Paris-avtalen har Noreg forplikta seg til å redusere utsleppa innan 10-30 år. Ein kan rekne seg fram til ein mogleg klimagevinst for riving og nybygg i Paleet parkeringshus, men den kjem først om 60 år. Det er 30-50 år for seint.
Om Bane Nor Eiendom meiner noko meir enn tomme løfter med dei fem bærekraftsmål til FN og dei 20 strakstiltaka i Grønn Byggallianse så kan de ikkje gjennomføre riving og nybygg av Paleet.
Gunnar Aasen Rogne
seniorarkitekt, M.Arch
daglig leder, Alternative Arkitekter