Nyheter

Vidare tyding av norsk arkitektur

Arkitekturmuseet har opna dørene for ein ny femårskavalkade over norsk arkitektur, med rundt førti utvalte arkitekturverk?.

Ei gul atmosfære for «SPOR. Norsk arkitektur 2005-2010», skapt av utstillingsarkitekt mmw sivilarkiteker as ved Magne Magler Wiggen. Foto: Olav Ødegården
Frå utstillingsfolderen.
Frå utstillingsfolderen.

Utstillinga «SPOR. Norsk arkitektur 2005–2010» følgjer tradisjonen frå tidlegare mønstringar med å vise meir eller mindre representative verk for perioden, med vekt på at den arkitektoniske kvaliteten skal vere høg. Men utvalet er denne gongen gjort av kuratorane ved museet, med ei ekstern rådgjevargruppe, og utstillinga viser ikkje berre verk i Noreg og utlandet teikna av norske arkitektar, men òg verk i Noreg gjort av utanlandske arkitektar. Slik har «norsk arkitektur» fått ei vidare tyding.

 

Frå massivtrehytte til Den Norske Opera & Ballett

Det første ein møter i arkitekturmuseet sin paviljong, er Soe Ker Tie House (sovehus til barneheim) av Tyin tegnestue, bygd i grenseområdet mellom Thailand og Burma. Det er det første av fire eksempel i gruppa for arkitektur utanfor Noreg.

 

Paviljongen til Sverre Fehn er sjølv eitt av fire utstillingsobjekt i ein annen seksjon i paviljongen, for «Nytt i gammelt». Elles er det her seksjonar for hytter og einebustader, bustadkompleks, installasjonar og statlege satsingar.

 

Frå mariakloster til hamnefront

Tautra Mariakloster av Jensen & Skodvin er eit døme på «Lokale kulturbærere», ein av fem seksjonar i Buchersalen (Bunkershallen). Dei andre dreier det seg om bygg for utdanning og skule, rekreasjon og friluftsliv, nasjonale turistvegar og bytransformasjonar.

 

Nasjonalmuseet viser i år òg ei supplerande historisk utstilling for perioden 1968–2005. Ho står i Hvelvet fram til 31. juli. Hovudutstilllinga står fram til 21. august.

 

Eigen katalog

Presentasjonane skjer med ulike typar modellar, plansjar med illustrasjonar og fotografi. Innslaga av video er underordna i Paviljongen, meir påtrengjande i Buchersalen, der ein òg høyrer tale og klassisk musikk.

 

Katalogen er ikkje som før eit spesialnummer av Byggekunst/Arkitektur N, men ein sjølvstendig museumsproduksjon på 200 sider i svart, kvitt og raudt.

 

Ansvarleg kurator for hovudutstillinga er avdelingsdirektør arkitektur ved Nasjonalmuseet, Nina Berre. Kurator for sideutstillinga «Norsk arkitektur 1968–2005» er seniorkurator Eva Madshus.