Nyheter

Tredobla kostnad for Trollstig-prosjektet

Nybygget på toppen av Trollstigen og opprustinga av området blir tre gongar dyrare enn rekna med, melder Romsdals Budstikke. Så blir da òg kvaliteten høg.


Trollstigplatået skal stå ferdig i 2012. Foto/Illustrasjon: Arkitekten

Trollstigplatået er det største prosjektet innanfor satsinga til Statens vegvesen på Nasjonale Turistveger. Prisen ser ut til å bli 169 millionar kroner for det nasjonale ikonet, opplyser Grete Kongshaug, som er ansvarleg for vegstrekninga. Staten har gått inn med 134 millionar, men ein treng altså enda meir pengar for å kome i mål til juni 2012 slik planen er.

 

Det store signalbygget på Stigøra har kome på plass, men arbeidssesongen er stutt i fjellet, og mykje arbeid står enno att på prosjektet.

 

Det blir naudsynt med eit spleiselag mellom Nasjonale Turistveger, Møre og Romsdal fykeskommune, Rauma kommune og andre. Når det står ferdig, vil Trollstigplatået ha «kjempemessig markedsføringseffekt for reiselivsnæringa», og prosjektet vil bli eit førebilete for andre av dei store Nasjonale Turistveger-prosjekt, som Vøringsfossen og Gjende på Valdresflya, seier Kongshaug.

 

Reiulf Ramstad Arkitekter AS og Multiconsult avd. 13.3 Landskapsarkitekter vann konkurransen til Statens vegvesen om Trollstigplatået i 2004. Arbeidet tok til året etter, og heile anlegget skulle etter planen stått ferdig i 2008.