Sjå til Svalbard
Den sirkulærøkonomiske innovasjonskrafta og juridiske moglegheitene på Svalbard er det fastlandsnorske byutviklarar treng akkurat nå, skriv fungerande redaktør, Hanna Maria van Zijp.
Fra papirutgaven Arkitektnytt 02/2020

I boka «Atlas of Remote Islands. Fifty Islands I Have Not Visited and Never Will», skildrar Judith Schalansky sju fuglekikkarar, fire utstopparar og ein børsemakar som gjekk i land på Bjørnøya i 1908. Ekskursjonsleiar baron Hans von Berlepsch, som grunnla fuglevernarrørsla, var nøgd. Der, i Svalbard-regionen, kunne han høyra songen frå artar han berre hadde lese om.
Sidan har mykje endra seg. Artsmangfaldet er truga. Isbjørnane, som inspirerte Willem Barents til å gi Bjørnøya namnet sitt i 1596, slit med varmerekordane. Svalbard globale frøkvelv, som skal verna frø frå heile verda i permafrosten, treng plutseleg ekstra sikring mot nedbør. Øygruppa skulle ha evig vinter, men har blitt eit dystert bilete på klimaendringane.
For å bøta på nettopp klimaet, skal Noreg nå få ein eigen nasjonal strategi for sirkulærøkonomi. I dag utgjer sirkulærøkonomien berre 8,6 prosent av verdsøkonomien, ifølgje Circularity Gap Reporting Initiative. Regjeringa vil gjera Noreg til eit føregangsland. Framvekst av sirkulærøkonomi blir avgjerande, sa dagleg leiar for det nye noregskontoret til UN Global Compact (UNGC), Kim N. Gabrielli, til nettutgåva av Arkitektnytt. Spørsmålet er kvifor ikkje både han og regjeringa ser til Svalbard.
For etter eit fatalt snøras i 2015, nedlegging av gruvedrift og store klimaendringar, må dei lokale styresmaktene skapa ei heilt ny, svalbardsk byutvikling. Då tenkjer dei sirkulært. «Longyearbyen har eit eige skattesystem, me ligg utanfor Schengen og utanfor Fastlands-Noreg sine normer og reglar for økonomisk tenking. Det gjer oss godt eigna som test-arena for sirkulærøkonomi for Noreg som nasjon,» seier lokalstyreleiar Arild Olsen til Arkitektnytt. For sidan byggteknisk forskrift (TEK 17) ikkje gjeld på Svalbard, meiner Olsen øygruppa kan innføra sin eigen Svalbard-tek, som løner og tar utganspunkt i gjenbruk.
Nokre år etter baron Hans von Berlepsch gjekk i land, blei Svalbardtraktaten underskriven. Den 100 år gamle avtalen, som gjer Svalbard-øyane til ein fullverdig del av Noreg, er til nå ratifisert av 44 land. Regionen har i underkant av tre tusen innbyggjarar. Alle borgarar og selskap som høyrer til statar som har signert traktaten, har rett til å opphalda seg og driva næringsverksemd på Svalbard. Derfor er berre halvparten av befolkninga norsk.
Kanskje det er derfor innovasjonen er så sterk på Svalbard. Der møter eit internasjonalt miljø klimaendringane med full styrke. Der er det mogleg å skapa den testarenaen regjeringa søkjer. Denne innovasjonskrafta og dei juridiske moglegheitene er det fastlandsnorske byutviklarar treng akkurat nå. Me må sjå at det er mogleg. Longyearbyen vil ta vare på klima, miljø, historie og identitet. Og dei er ikkje framande for å laga sitt heilt eige, sirkulære regelverk.
Hanna Maria van Zijp, fungerande redaktør