Nyhet

Selvangivelsen: 4B AS

Det har vore ein draumesituasjon dei siste to åra med mange spennande oppdrag og kjekke oppdragsgjevarar. Me arbeider i større grad i team og det gir høgare fagleg kvalitet og større trivsel. 


Arkitektkontoret 4B i Sogndal omtalar dei to siste åra som «ein draumesituasjon med mange spennande oppdrag og kjekke oppdragsgjevarar.» Foto: Halvor Storvik/Porten.no

Kven: Arkitektkontoret 4B AS

Kor hen: Sogndal

Tilsette i 2019: 8 personar

Tilsette i 2016: 6 personar

Fagfordeling7 arkitektar og 1 teknisk teiknar

Omsetning i 2018: 7,8 millionar

Omsetning i 2017: 9,8 millionar

Omsetning i 2016: 6 millionar

Timepris: 800-1150 kroner. 

Kva for oppgåver er det brukt flest timar på det siste året? Arkitekturprosjektering og byggesøknader. Medspelar i innovative prosjekt på konseptutviklingsnivå.

Kva for oppdragsgjevarar fakturer de denne månaden? Private kundar i første rekkje, og nokre offentlege oppdragsgjevarar.

Kva type oppdrag per dags dato? Arkitekturprosjektering av bustader, omsorgssenter, skular, varehus, kontor, næringsbygg, reiselivsprosjekt, reguleringsplanar og restaurering.

Kva for eigarstruktur har de? Alle tilsette som arbeider i firmaet over tid får tilbod om eigarskap.

Kva for organisasjonsstruktur har de? – Kort veg mellom dagleg leiar og dei tilsette. Kontormøte annakvar veke.

Minste pågåande prosjekt i omsetning: Teikne prosjektet «Forlenging av verdas lengste fjord» som er eit symjebasseng ved Skjolden Hotell innst i Sognefjorden.

Største pågåande prosjekt i omsetning: Lerum Brygge AS.

Korleis er molegheitane i 2019? Stor variasjon i oppgåver og oppdragsgjevarar. Mange fagleg interessante oppgåver. 

Korleis vil de beskrive dei to siste åraEin draumesituasjon med mange spennande oppdrag og kjekke oppdragsgjevarar. Me arbeider i større grad i team og det gir høgare fagleg kvalitet og større trivsel. 

Kva blir dei viktigaste satsingsområda dei neste to til tre åra? Å vidareutvikle kontoret sin faglege profil i tett samarbeid med våre oppdragsgjevarar. Me har kjøpt ein eigedom og skal bygje nytenkande bustader der.

Korleis er organisasjonsgrad, samarbeid mellom tilsette og leiing, arbeidstingingar og arbeidstilhøveKontoret er medlem av Arkitektbedriftene, alle tilsette er medlem i NAL, nokre medlem i AFAG. Dagleg leiar har i samarbeid med ein representant for dei tilsette utarbeidd ein lønsstige som er basert på Arkitektkbedriftene sine lønsstatistikkar. HMS og arbeidsmiljø er fast punkt på kontormøta våre.  

Suksesskriterium: At våre oppdragsgjevarar er nøgde og såleis vert ein god referanse for nye oppdrag. At bygga våre medverkar til eit godt bygningsmiljø og auka trivsel for innbyggjarane i bygdene våre.

Prosjektet Lerum Brygge er ein transformasjon av industriområdet Lerum fabrikker i Sogndal til bostadsområde som opnar arealet for allmenheita. Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B