Nyheter

Selvaagprisen 2011 utan vinnar

Konkurransen til Selvaag om klima-, energi- og miljøgode fleirfamiliehus fekk ikkje nokon vinnar, men fire deltakarar fekk romsleg honorering.


Tomt i Lier kommune med raud skravering, tenkt for bustader i minst to etasjar og med opptil ti einingar. Illustrasjon frå konkurransematerialet

Målet med tevlinga var å få fram klimariktige, trygge, varige og funksjonelle bustader, tenkte for industrialisert produksjon på byggeplass eller i fabrikk, slik at dei ikkje blir dyrare enn at folk flest kan kjøpe dei utan å trenge subsidiar.

 

2 x 400 000

Idékonkurransen var open for alle, utan omsyn til formell arkitektkompetanse, og utan absolutte krav til løysingane. Prispotten var på ein million kroner, og ei skandinavisk faggruppe med mellom andre Anne Grete Hestnes, professor ved NTNU, gav firmaet råd i totalvurderinga av framlegga.

 

I desember 2011 var juryeringa ferdig. Selvaag meldte at ein ikkje hadde funne nokon vinnar, men at fire deltakarar var blitt honorerte «for fornuftige bidrag til utviklingen». I byrjinga av februar vart namna på dei fire publiserte på selvaaggruppen.no, attåt beløpa.

 

Honorar på 400 000 kroner gjekk til to av deltakarane for «interessante løsninger», div.A arkitekter (Oslo), med C. Adams, K. Bartels, B. Dyvik, O.H. Hiorth og H. Salvesen, og Ai-gruppen (København), med T. Snog, L.M. Raffnsøe og K.L. Hansen.

 

Honorar på 100 000 kroner gjekk til Pir II Oslo AS med H. Skarstein og K. Tiltnes og til Nina Aastorp Blindheimsvik ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.

 

– Dersom ikkje anna er avtala

Norske arkitekters landsforbund stilte seg positiv til initiativet og målsettinga til Selvaag, men var ikkje nøgd med rettstilhøva for bruken av materialet. NAL oppfordra deltakarane til å sikre seg gjennom å byggje på passusen «dersom ikke annet er skriftlig avtalt», i setninga som kjem først i dei rettslege vilkåra, og formulere at ein held fast på opphavsretten, og leggje reservasjonen i den anonymiserte namnekonvolutten.

 

Det første avsnittet om rettane lyder: «Ved premiering/kjøp av ett eller eventuelt flere forslag fra konkurransen får SELVAAG, dersom ikke annet er skriftlig avtalt, enerett til fritt å utnytte de premierte forslagene. Herunder ligger retten til å bearbeide og videreutvikle forslaget og å oppføre bygninger basert på forslaget på enhver tomt, enten selv eller gjennom tredjemann, uten ytterligere vederlag til forslagsstilleren.»

 

Det kom inn ni framlegg i alt, og leiaren av konkurransekomiteen til NAL, Henriette Salvesen, var mellom dei honorerte på laget til div.A arkitekter.