«Scener fra Jæren»
Stavanger Arkitektforening fokuserer på utfordringar og moglegheiter for Nord-Jæren som storbyregion i høve 75-årsjubileet.?

Tittelen til utstillinga, «RECAST – scener fra Jæren», kling av filmterminologi. Grunnen til det er at ein vil ha fram at utviklingsvegane er mange, at ein ikkje har eintydige svar, så kvar einaste «scene» må bearbeidast og «takast opp att» mange gonger. Arkitektur har elles mykje med «location» å gjere.
Starring (i hovudrollene)
Utstillinga, som opna 5. mai, står i KINOKINO i Sandnes. Men det er utstilling, og ikkje film, og eit innspel i diskusjonen om arkitekturpolitikk. Arkitektur som medium «synes å ha en samlende kapasitet», heiter det i SAF sin introduksjon. Arkitekturmediet kan brukast til å påvise, eller i det minste illustrere, «avhengighet mellom økonomiske, kulturelle og sosiale forhold», noko ein kan nyttje.
Ein av hovudrolleinnehavarane i forestillinga er det ikkje ukjente arkitektkontoret Snøhetta, som skal ha ymse band til regionen, og som i høve Sandnes sitt byjubileum i 2010 utarbeida ei studie over moglegheiter på staden kalla «Sandnes nå».
Ein annan hovudrolleinnehavar er Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, som ikkje har planar om å flytte til Jæren, så langt nokon kjenner til, men som i fleire år har sendt studentar vestover for å skrive studentoppgaver frå den spennande landsluten.
Plot (intrige)
Om ein studerer kartet over utstillinga noggrant, forstår ein at ein frå resepsjonen først kjem til Jæren, så til Sandnes og til slutt, lengst inne bak nokre lausveggar, til Stavanger. Det er i god tråd med dei naturgitte, geografiske tilhøva i regionen.
Den samlande problemstillinga for alt i hop, heile landsluten, er kva som vil skje når oljealderen tek slutt. I 2007 var 70 prosent av den lokale økonomien i området knytta til oljeutvinninga. Korleis skal ein kome vidare? Ja, kan ein kome vidare, eller blir det retur, om ikkje til steinalderen, så til i større grad til jordbruket med grunnlag i dei lokale kåra. Kva tyder det at «tradisjonelle jordbruksområder synes å gjennomgå en slags urbanisering fra innsiden»? SAF trur at det kan bli naudsynt å tenkje igjennom konvensjonelle omgrepspar som urban/rural og framtid/fortid på nytt.
Arbeida ein kan sjå, er gjort av institutt for landsskap og urbanisme ved AHO og Snøhetta, med lokal samarbeidspartnar Link signatur, og kuratorar har vore sivilarkitektane Alice Labadini (AHO), Kjerstin Bjerka (Snøhetta) og Ottar Vedelden (SAF).
Utstillinga står til 19. juni.
