Nyheter

Pris til LINK og Smedsvig Landskapsarkitekter

Arkitektur- og byformingsprisen til Bergen kommune gjekk i år til Nordahl Grieg videregående skole i bydelen Sørås.


Nordahl Grieg videregående skole av LINK signatur AS og Smedsvig Landskapsarkitekter AS er framtidsretta, ifølgje juryen. Foto: Link arkitektur

Arkitekturprisen vart delt ut under Byutviklingskonferansen i Grieghallen 25. november. Samstundes fekk Bergen Travpark bymiljøprisen til kommunen, og eit lag frå AHO vart peika ut til vinnar i studentkonkurransen om utforminga av ein energisentral på Hegrenes i Sandviken.

 

Arkitektur- og byformingsprisen 2011

Nordahl Grieg videregående skole ligg på ei skålforma tomt, er universelt utforma og tek rundt 800 elevar. Han opna dørene hausten 2010. Oppdraget med å teikne skulen fekk arkitektane etter å ha vunne konkurransen om prosjektet i 2006. Rådet for byforming og arkitektur i Bergen har no peika han ut til prisvinnar.

 

Juryen seier i kjenninga si at anlegget har «et enkelt hovedgrep og formspråk som knytter det til terrenget». Fasadane er varierte, utan at dette grev under hovuudgrepet eller slektskapen mellom fløyene. Materialbruken er gjennomført, og valet av fargar er identitetsskapande, og juryen dreg fram kontrasten mellom den grøne kobberkledninga og det knallraude inngangspartiet som «selvforklarende og virkningsfull». Innvendig er dei kraftige fargene balanserte av gode volumoppbyggingar og kjeder av rom.

 

Anlegget står fram som «markant og fremtidsrettet arkitektur av høy kvalitet», slår juryen fast. Arkitekt/interiørarkitekt er LINK signatur AS. Landskapsarkitekt er Smedsvig Landskapsarkitekter AS. Byggherre er Hordaland fylkeskommune.

 

Bymiljøprisen 2011

Klimaforum, eit samarbeidsforum mellom Bergen kommune, Bergen Næringsråd, Bjerknessenteret og BS2020, var jury for miljøprisen til Bergen kommune.

 

Det stod mellom kandidatane «Reindyka», ein butikk for økologisk mat og ferskvare, Arne og Monika Naklings bustad i Sædalsveien 71 A med tjue solceller på taket, fire solfangarar, sentral vedomn og varmepumpe, og Bergen Travpark, som har bygd eit biobrenselanlegg for møkka til to hundre hestar som produserer 4,9 millionar kWh i året og kan utviklast vidare til å produsere pellets.

 

Travparken fekk miljøprisen. Hestemøkk kan vere ei kjelde til alvorleg forureining ved lagring og avrenning, og hestehaldet i Noreg er aukande, men Bergen Travpark «har trudd på og gjennomført sin idé, tatt hånd om sitt eget miljøproblem ’på stedet’, og løst sitt eget oppvarmingbehov på en fornybar og god måte,» seier juryen. Det viser veg for fleire.