Vinnaren vart «dørgande våt»
Eit lag med seks AHO-studentar vann konkurransen om utforminga av ein nærenergisentral i Sandvigen i Bergen.

Fylkesmannen i Hordaland, Kystskogbruket og Bergen kommune inviterte til tevlinga mellom studentlag frå NTNU, BAS og AHO. Fire lag deltok.
På Byutviklingskonferansen i Grieghallen 25. november vart «Dørgende våt» einstemmig ropa ut til vinnar, framlegget frå eit AHO-lag med tredjeårsstudentane Marina Haga, Stefan Landøy, Cecilie Nielsen, Hedvig Sanderud, Gaute Simonsen og Tereza Zamecznik, og med professor Marius Nygaard som kontaktperson og rettleiar.
Opp frå havet
Oppgåva var å prosjektere ein nærenergisentral i massivtre med passivhusstandard, som skal forsyne eit lokalt næringsområde med varme- og kjøleenergi, utan transporttap, henta opp frå havet utanfor Hegreneset. Vona er at prosjektet kan bli eit både praktisk og pedagogisk signalbygg, eit retteleg «fyrtårn», med ein bodskap om lokal, alternativ og klimariktig energibruk og energiforsyning.
Vinnarprosjektet syner eit lågt rektangulært volum, delt i to av ei lang trapp som fører ned til havet, eller opp, om ein vil. Det er dette hovudgrepet knytt til trappa, som er signalet i signalbygget ein spurte etter, skriv studentane: «Tilgangen til havet er i fokus. Symbolsk trekker trappen energien opp fra havet og bringer den videre.»
Det dreier seg om eit «klart og tydelig konsept både teknisk og arkitektonisk», seier juryen. Prosjektet står fram som eit «gjennomtenkt og formsikkert svar på oppgaven», med trappa som den berande ideen, «strengen» som bind anlegget i hop – varmepumperommet i den største delen av det overskorne rektanglet, eit informasjons- og undervisningsrom for vitjarar i det minste, og pumpehuset nede ved og i sjøen.
Godt eigna til typologi
«Den store styrken i prosjektet er at volumene er skalerbare og kan endres uten å miste karakter. Planen er enkel og økonomisk,» skriv juryen i omtala si og peikar på verdien som ligg i dette: «Dette gjør prosjektet godt egnet til en typologi som kan anvendes langs kysten, der tilgangen til sjøen varierer i karakter.»
Framlegget har «forbilledlige detaljløsninger av bygget», sjølv om dette ikkje var eit krav i konkurransen, og det har «en noe kort, men konsis og forståelig beskrivelse av den tekniske biten». Prosjektet får ros for presentasjonen med fine illustrasjonar.
Juryen som vurderte dei anonymiserte framlegga hadde brei fagleg kompetanse. Der sat sivilarkitekt Todd Saunders som leiar, sivilarkitekt Gudrun Molden, sivilingeniør og energiekspert Helge Davidsen og utbyggjar Andreas Grimelund (Rolf Olsen Eiendom AS). Sivilarkitekt Ingrid Melvær var sekretær for juryen.
Studentane deltok på eit fagseminar i Bergen føre tevlinga, med førelesingar, idéverkstad og synfaring på tomta, og dei vonar sjølvsagt å bli med i fortsetjinga òg, at sentralen blir bygd, i tråd med intensjonane med konkurransen.
