Nasjonale krav til kvalitet?
– Bustadpolitikken har fått liten plass i stortingsmeldinga frå i sommar, «Gode bygg for eit betre samfunn», og ho vantar konkretiseringar.

Det seier den nye OAF-leiaren Erik Collett til Arkitektnytt før debattmøtet om bustadpolitikk i Arkitektenes Hus måndag 29. oktober. Dysten blir arrangert av Oslo Arkitektforening (OAF) og Byboligaksjonen.
Konkretisering
Vi står midt i ei bustadkrise, og bustader som blir bygde, er «altfor små, altfor dårlige og altfor dyre», slår OAF fast i annonseringa av debattmøtet. Kommunal- og regionaldepartementet treng innspel til arbeidet med å utvikle ein ny bustadpolitikk. Kan konkretiserte krav til kvalitet vere ein veg å gå? Skal vi utarbeide nasjonale minstestandardar for bustader og utomhusareal og spikre dei fast?
– Høgare kvalitet tyder høgare pris?
– Jau, men ein treng ikkje stille dei same krava til alle typar bustader, til dømes krevje at eitkvart toalett må vere universelt utforma, svarar OAF-leiaren.
– Men det kostar å byggje med kvalitet. Nokon må betale for det?
– Det er ikkje gjeve at det kostar så mykje som ein trur. Det kan vere ein idé å sjå på rekneskapane til utbyggjarane.
Satsingsområde for OAF
Oslo Arkitektforening har bustadpolitikk høgt på dagsordenen, og det var full sal på førre møte om temaet. Erik Collett trur det blir trongt i salen denne gongen, òg. Han ønskjar velkomen til Arkitektenes Hus, Josefines gate 34, Oslo, alt klokka fem på ettermiddagen. Merk dykk klokkeslettet!
Tidlegare OAF-leiar Ellen Haukås skal styre debatten, kranglinga, slagsmålet, eller kva det no blir, mellom Dag-Henrik Sandbakken frå Kommunal- og regionaldepartementet, Henriette Salvesen frå div.A Arkitekter, Jon Guttu frå NIBR, Anne-Karine Halvorsen Thorén frå UMB og Daniel K. Siraj frå OBOS Nye Hjem.
Og ein skal ikkje sjå bort frå at fleire gir lyd frå seg. Kan hende har du noko å seie, òg?