Nyheter

Narud Stokke Wiig tapte gigantfinale

Arkitekt- og rådgjevargruppa CuraVita med norske NSW og danske Arkitema architects var ein av tre vinnarar i konkurransen om nytt «supersygehus» i Odense.?

Finaleframlegget frå CuraVita, med Narud Stokke Wiig Arkitekter og Planleggere AS, syner eit enormt sjukehus dekomponert til ein hospitalby med småbyskala. Perspektiv: Arkitekten

Etter to rundar med omfattande forhandlingar og nokre tusen timar i vidareutvikling av prosjektframlegget vart CuraVita rangert som nummer to, i «close race» med Medic OUH med dei danske kontora KHR og Dall & Lindhardtsen og svenske White, men føre eit team med Henning Larsen arkitekter i spissen. White har alt to kontor i Danmark og ser sigeren som eit gjennombrot på den danske byggmarknaden.

 

Det kombinerte universitetssjukehuset og forskingsfakultetet skal bli på heile 270 000 kvadratmeter, og kostnaden er rekna til over sju milliardar danske kroner. Mange ønska å ta del i tevlinga om det store oppdraget, og seks lag fekk sjansen.

 

Norsk sjukehusplanlegging og -design er «en ettertraktet internasjonal vare,» heiter det i pressemeldinga frå Narud Stokke Wiig, som ikkje ser utfallet reint negativt. Ved bygginga av store norske sjukehus som Rikshospitalet, Ahus og St. Olavs Hospital i Trondheim har det vore høgt fokus på «kvalitet når det gjelder pasientfokus, effektiv logistikk», «basert på oppdatert medisinsk utvikling og holistisk tenking», ifølgje pressemeldinga. Dette tyder at den norske modellen «inneholder elementer som de siste 20–30 års internasjonale, produksjonsorienterte sykehusmodeller ikke har fanget opp», heiter det vidare.