Nyheter

Nærleik mellom produsentar og arkitektar

NAL byr på møte med leverandørar av glas og profilsystem i materialtreffet fredag 27. april.

Erotikk med Glaverbel's Thermopane, henta i Arkitektnytt nr. 6-1970.

Arkitekten har ei nøkkelrolle i val av material og treng difor overblikk over marknaden og kjennskap til kriterium. Tilbodet frå Akademiet og Ecobox har treft eit behov. Det var full sal på materialtreffet om platekledning for fasadar, og det komande møtet om glas og profilsystem kan lokke like mange til Arkitektenes Hus.

EPD ønskjeleg

Produsentane som får presentere seg på materialtreffa, må gjere skriftleg greie for produkta sine gjennom å fylle ut eit skjema for vurderingar og samanlikningar. Miljøprofilen står sentralt for Akademiet og Ecobox, som tek hand om møteserien i lag.

– Vi vil gjerne at produsentane leverer EPD, seier Michael Lommertz, leiar i Ecobox og viser til at EPD står for «Environment Product Declaration» og er eit kortfatta dokument som samanfattar miljøeigenskapane til produktet gjennom heile livsløpet.

EPD kjem som eit tillegg til skjemaet. Ecobox ønskjer at flest mogleg legg fram EPD, for maksimal fokusering av parametre for miljø.

Interesserte leverandørar

Responsen på NAL-tilbodet har vore god, både frå arkitektane og produsentane. Lista over aktuelle leverandørar av glas og profilsystem er lang, og det er difor lite truleg at alle som vil, får sleppe til ved dette første høvet, men det kan kome fleire.

– Om vi må velje ut nokre, vil vi leggje vekt på å få fram eit bredt produktspekter, slik at vi får fram alle typane, seier Lommertz.

Tidspunktet for det komande arrangementet er fredag 27. april, klokka 8.30–10.30, og staden er Josefines gate 34 i Oslo. Det kan bli fullteikna, så ikkje nøl for lenge med å melde deg. Deltakinga er gratis, og du får noko til å putte både i munnen og hovudet. Produsentane må streve for å ta seg vel ut. Du treng berre å tyggje godt.

Nettside for påmelding finn du her.