Nyheter
Den 13. arkitekturbiennalen i Venezia:

Møtestaden

VENEZIA: Brendeland & Kristoffersen stiller ut, og Svartlamoen søkk ikkje i havet.


Geir Brendeland (til venstre) og Olav Kristoffersen kjenner seg heime på utstillinga i Venezia. Foto: Nadja Sahbegovic
Fagert forfall i den rike havbyen. Foto: Ingebjørg Semb
Fagert forfall i den rike havbyen. Foto: Ingebjørg Semb

Venezia lever for å halde hovudet og kroppen sin oppe over vatnet og dra turistar og andre interesserte til seg, loppe dei rike for euro, og halde det gåande, medan ho langsamt søkk, millimeter for millimeter. Enno dreg ho enorme skarar til seg og er såleis ein ideal utstillings- og møtestad.

 

Common Ground

Temaet for hovudutstillinga i Arsenalet, Common Ground, kan lyde ironisk i byen som søkk, men det er vel fundert i tankane og røynslene til sjefkuratoren David Chipperfield.

 

Han har i desse økonomiske krisetider ønska å utfordre arkitektane til å samle seg om det grunnleggjande i profesjonen sett i eit samfunnsperspektiv, det vil seie å dra merksemda bort frå dyrkinga av dei geniale stjerneartistane og deira mest imponerande byggverk og over mot arkitektane sine felles idear og visjonar, ikkje som ein dyster «krisebiennale», men kan hende som uttrykk for ei mogleg stemningsendring i desse usikre tidene.

 

Temaet peikar òg mot biennalen som felles grunn, som ein møtestad der arkitektar kan presentere verka og visjonane sine for andre, både kollegaer og eit større publikum av interesserte. Utstillinga er slik i seg sjølv «common ground». Mange arkitektar ser yrket sitt i eit sosialt perspektiv, som parhestane Geir Brendeland og Olav Kristoffersen. Her kan dei vise fram engasjementet sitt.

           

Frå døden i Venedig…

Den historiske møtestaden inst i Adriaterhavet vantar ikkje spektakulær arkitektur. Der står Dogepalasset og Markuskyrkja og dei andre bygga rundt Piazza San Marco. Ponte di Rialto spenn over Canal Grande, medan kyrkjene til Andrea Palladio løftar kuplane sine og profilerer himmelranda.

 

Venezia nådde høgdepunktet på 1500-talet, og praktverka er kan hende ikkje er heilt «up to date», men turistane flokkar seg ikring kulturskattane så tett som sardinar i boks, og vil ein inn i eit bygg, må ein stå i lang og lengre kø og betale enda meir. Ein einsleg journalist får ikkje setje seg ned ved eit bord for to i dei tronge gatene, som kronglar seg mellom kanalane og er pakka av restaurantar. Det gir for dårleg avkastning. Engelsk er einaste språket. Snakkar du ikkje engelsk, blir du ikkje forstått.

 

Turistane pregar byen, dei eig henne, men om du klarar å kome deg unna flokkdyra og fotoapparata deira, kan du finne dei mest audslege og stille gater, utan menneske eller anna liv. Dei er enno slik dei var for hovudpersonen i «Døden i Venedig», novella til Thomas Mann,  da han rota seg bort i den koleraramma byen, gjekk seg vill i labyrinten av smug, kanalar, bruer og små torg, før han utmatta seig i hop på trinnet til ei cisterne på «en liten plass, fortryllende skjønn», like ved «et palassaktig hus med små løvebalkonger og spissbuevinduer, hvor tomheten bodde».

 

… til livet i Arsenalet

Det er ikkje spøk å gå på omkring i utstillingar, der ein titt kan rote seg bort i både tankar og bilete, og kjenne trong til å setje seg ned ved ei cisterne, men truleg ikkje finn noko slikt i dei regisserte omgjevnadane, og for skams skuld må halde hovudet oppe og den interesserte kjennermina på plass i andletet, medan ein tappert går laus på neste avdeling.

 

Det er likevel vesentlege skilnader mellom å vandre i bygater og i utstillingslabyrintar, der husa heng på veggen, og i det minste møter ein andre folk.

 

Arkitektnytt møtte arkitektane Geir Brendeland og Olav Kristoffersen i Arsenalets utsøkte kulissar, i avdelinga kalla «Feeling at home». Der har Svartlamoen funne sin plass, som eit døme på sosial arkitektur, saman med prosjekt frå fem andre europeiske kontor. Stephen Bates og Jonathan Sergison frå Sergison Bates & Jaccaud har kurert avdelinga, der dei også syner fram eit eige verk.

 

Presentasjonen av Strandvegen 37 er utan modell, men med teikningar, bilete på ein skjerm og filmklipp på eit stort lerret. Arkitektane lik godt at ein ser levande menneske i bygget deira, barn som spring omkring, leikar og kjenner seg heime. Avdelinga byr vidare på ein historisk oversikt over utviklinga i det sosiale bryggjeriet frå 1840 til i dag.

 

Grunnleggjande forstått

Det er ikkje første gong Strandvegen 37 har blitt heidra og fått merksemd. Det har tidlegare skjedd, for ulike aspekt i prosjektet og på ulike stader. Det å bli stilt ut på biennalen i Venezia er sjølvsagt ei serskilt stor ære, men også noko meir enn det:

 

– Vi føler at vi er blitt forstått, og til grunnen, ut ifrå kva arkitektur er, ut frå det sosiale som arkitektur dreier seg om, forklarar Geir Brendeland.

 

Dette er viktig for dei norske arkitektane. Det er no ti år sidan kontoret vann konkurransen om bukollektivet på Svartlamoen i Trondheim. Sidan det har dei realisert fleire andre prosjekt, men enno har dei ikkje fått sjansen til å føre ideane og engasjementet bak Svartlamoen vidare i liknande prosjekt. Dei ventar på å få gjere det. Kan hende kan utstillinga av prosjektet på biennalen føre til at dei blir inviterte med i fleire konkurransar.

 

– Noko anna av stor verdi er at vi har møtt andre arkitektar som er opptekne av det same som oss, som vi elles ikkje ville ha treft, seier Olav Kristoffersen. Han nemner Barcelona-kontoret López Rivera i same avdelinga som eit døme. Slike møte er mykje stimulerande.

 

Arkitektane er nøgde med den sosiale og røyndomsorienterte profilen David Chipperfield har gitt biennalen, og meinar det kan skuldast at han er ein praktiserande arkitekt, og ikke reindyrka teoretikar. Det spesielle ved utstillinga denne gongen ser ein gjennom dei som ikkje er tekne med.

 

Common Undergrund

Det sterke og klare, men ikkje for skarpe lyset i Venezia inspirerte målaren Tizian til å arbeide med lys, luft og farger i bileta sine. Den yngre Tintoretto eksperimenterte med perspektiviske forkortingar og lys og skygge til inspirasjon for komande generasjonar.

 

Venezia er lys, men også skugge og djupt mørke. Om natta endrar havet karakter frå det leikande blå til det trugande og sugande svarte, og dei mindre kanalane liknar ikkje lenger kanalar, men hus som står i vatn. Om nettene ligg gondolane stille, men det hender at mørke, stillegåande politibåtar sig frametter vatnvegen.

 

Det er ein spesiell by, vedgår også dei norske arkitektane. Om noko skjer, korleis skal ein kome seg vekk over havet?

 

Men enn så lenge kjem vitjarane i hopetal til Venezia, og mange av tilbedarane hennar tek turen innom biennalen innan han stengjer i november. Ho sjølv vil nok halde seg oppe nokre år til.