Nyheter

Materialtreff i Arkitektenes Hus

NAL byr i 2012 arkitektar på gratis møte med ulike leverandørar i jamnlege arrangement.


Desse arkitektane tenkjer på om dei skal bruke Drage-dørene til Aall-Ulefos Brug. Dei opnar nemleg for nye perspektiv. Men dei blir truleg ikkje presenterte på den nye materialarenaen til NAL. Bildet er henta frå ein produktannonse i Arkitektnytt nummer 3-1970.

Prosjekterande arkitektar opplever ofte å bli kontakta av materialprodusentar, som kjenner til arkitekten si nøkkelrolle i val av materialleverandør, og arkitektane må, ofte under tidspress, velje mellom ulike tilbod etter beste evne, utan å ha den store oversikta.

 

Denne problemstillinga dannar utgangspunktet for det nye tilbodet frå NAL ved Akademiet og Ecobox.

 

Samanlikningar

Det første treffet går av stabelen i Arkitektenes Hus fredag 10. februar. På dette og dei komande arrangementa vil arkitektane kunne danne seg eit større overblikk over tilgjengelege material og kunne gjere samanlikningar basert på kriterier der miljøeigenskapar veg tungt.

 

Temaet for det første materialtreffet er platekledning for fasader, og 10–14 produsentar vil presentere sine varer med utgangspunkt i eit skjema for kriterier som no er under utarbeiding, forklarar Tor Inge Hjemdal, som er leiar av NALs Akademi.

 

Kriteria på denne lista er, om berre mellombels, EPD, sertifiseringar, produktsamansetning og -innhald, mål for berekraft, andel resirkulerte material og fornybare ressurser, opphav og produksjonsstad, bruksområde og avgrensingar, fargar og moglege tilpassingar, levetid, kostnad og referanseprosjekt.

 

Attraktivt

– NALs økonomi er ikkje så overvettes bra i augneblinken. Korleis kan forbundet byde arkitektane sine heim til seg på gratis kurs i Josefines gate 34?

 

– Vi brukar tid, men produsentane betalar som for ein annonse, svarar Hjemdal.

 

– Kor ofte blir det arrangert treff?

 

– Vi tenker oss fire til seks møte i året, eller fleire. Det kjem an på reponsen.

 

– Og korleis har responsen vore, så langt?

 

– Den har vore mykje bra, det første møtet er alt halvt fullteikna!

 

Høyrer dere det, arkitektar? Vil dere vere med frå byrjinga på materialtreffa, 10. februar klokka 8.30–10.30, hiv dykk rundt før stigen blir dregen opp!

 

Sjå elles nettsida til NAL.