Nyheter

Løysinga er funne!

Meiningslause konferansar har òg ei meining. Dei opnar for nye konferansar. Det gir meir sysselsetjing.


Rapporten «Cities of tomorrow» står sentralt i URBACT-arbeidet. Foto frå nettsida til danske AA
Faktaboks:

URBACT er eit EU-finansiert program som skal fremje berekraftig byutvikling i Europa. Kvart år blir det halde ein stor konferanse for praktikarar og politikarar som er involverte i byutvikling på lokalt, regionalt, nasjonalt og europeisk nivå, og i år var København vertskap.

Årskonferansen til EU-programmet URBACT vart halde 3. og 4. desember i haustkalde København, i «fagre svenske omgjevnader», som konferansieren kom til å seie. Det fekk dei 450 deltakarane til å rykkje nervøst i stolane, ifølgje danske Eva Bjerring på nettsidene til Akademisk Arkitektforening.

 

Utveksling av røynsler

Deltakarane delte seg på 47 prosent kvinner og 53 prosent karar, ei kjønnsdeling nær EU-målsettinga. Her lukkast ein godt. Folket kom frå 300 byar i  26 EU-land og 17 andre. Den store spreiinga gav eit godt utgangspunkt for ei rik utveksling av røynsler mellom politikarar og praktikarar med URBACT-blikk for berekraftig byutvikling i programmappa.

 

Det vart halde fleire opningstalar og elles andre talar om korleis ein kan gjere dei europeiske byane enda betre, meir humane og berekraftige. «Hvis vi løser tingene rigtigt i byerne, løser vi tingene rigtig i Europa,» sa kommissær Johannes Hahn. Utfordringa var berre, som under dei fleste konferansar, i Eva Bjerrings ord, «at rodfæste de, til tider højtflyvende, visioner og målsætninger i praktiske arbejdsredskaber».

 

I arbeidstøy

Den grunnleggjande utfordringa i den europeiske krisesituasjonen er å skaffe fleire arbeidsplassar, vart det peika på. For retteleg å skjøne kva arbeid tyder, trakk deltakarane i arbeidstøy, ifølgje Bjerring: «Efter velkomsttalerne var det tid til at trække i arbejdstøjet på de forskellige workshops.» Det er truleg berre reint symbolsk meint, men tenk på potensialet for tekstilindustrien om deltakarane på konferansar trong skikkeleg arbeidstøy. Med mange nok workshops kunne det bli retteleg ein vekstbransje.

 

Eva Bjerring deltok i ein workshop med det inspirerande mantraet «Energirenovering af bygningsmassen i Europa kan være vejen ud af recession». Ei slik renovering kan skape nye arbeidsplassar, spare energi og opne for innovasjonar og nytenking og attpå styrke den europiske identiteten.

 

Løysinga

Men diskusjonane i gruppa av ulike løysingsmodellar og gode døme førte likevel ikkje fram til eit samla svar for dei mange komplekse problema i Europa. To dagar var berre ikkje nok. Så det er naudsynt med fleire konferansar, og ikkje berre ein eller to, men konferansar over alt, heile tida. Da ville heile folket kome i arbeid, ein halvpart i salane og grupperomma med workshops, den andre halvparten på kjøkkena, i hotell og i taxibilar, travelt opptekne med å gjere alle typar tenester for konferansefoket. Neste gong kan ein byte roller.

 

Det er heilt avgjerande at ein ikkje kjem fram til noko på alle desse konferansane, for det ville rive bort legitimeringa for å halde dei. Konklusjonen er difor: Løysinga er ikkje funne!

 

Eva Bjerrings artikkel kan du lese her.