Nyheter

Kraftig brann på Arkitekturskolan KTH i Stockholm

Den svenske arkitektskulen et sterkt skadd etter ein brann som braut ut onsdag 4. mai tidleg på morgonen. Studentane sine arbeid er ikkje tapte.?

KTH i brann. Foto: PONTUS LUNDAHL/SCANPIX

Brannen på arkitektavdelinga til Kungliga tekniska högskolan (KTH) tok til i den 600 kvadratmeter store aulaen, og store røykmengder velta opp frå huset, melder nrk.no, som stør seg på svenske kilder.

 

Fem personar redda seg ut av huset, men ein av dei om lag 75 brannmennene i utrykninga måtte på sjukehus med skadd hand.

 

Skulen har om lag 600 studentar og 130 tilsette, og det er no to månader fram til eksamen.

 

– Eg trur vi har klart å redde alle servere og teikningar, seier prodekan Leif Brodersen til Arkitektnytt på mobiltelefon. Han kjenner seg betre i dag enn i går, etter at ein fekk brannen under kontroll utan større spreiing slik det var risiko for.

 

– Kan hende blir det mogleg å bruke delar av skulen att, etter ei rask sanering i neste veke, men ikkje ateliera og verkstadene, seier han. Målet er at studentane ikkje skal lide.