Nyheter
KHiB med nytt namn
Etter kongeleg resolusjon av 3. februar 2012 er det nye namnet på skulen Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
21. februar 2012

På engelsk er namnet Bergen Academy of Art and Design.
Akronymet eller initialordet KHiB, ei forkorting som blir lese som eit vanleg ord, lever vidare på begge språka. Endringa av namnet på skulen skal få fram at designutdanninga har like stor tyngd som kunstutdanninga, og såleis vere meir dekkjande for verksemda ved skulen.
Kunst og design er dei to hovudgreinene ved KHiB. Designstudiet er igjen er delt i visuell kommunikasjon og møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Studia i møbeldesign og interiørarkitektur høyrer altså til under design og er ikkje gløymde med namnebrigdet i Bergen.
Les meir på khib.no