Nyheter

Hyblar får namn etter Europan-byar

Europan 9-vinnaren «My space» går mot ferdigstilling i Trondheim. Studentane flyttar inn i august som planlagt.?

Mange om beinet og suppa i hus med fine namn på romma. NCC byggjer hyblar for Studentsamskipnaden i Trondheim. Foto: skjermdump av livestreaming frå byggjestaden

Bustadprosjektet for Teknobyen av Murado, Elvira y Krahe Arquitectos er eit hybelhus i seks etasjar, med 92 einskildhyblar, 12 parleiligheter og berre eitt kjøkken, men det er 150 kvadratmeter stort, har åtte kokestasjonar og tek ein heil etasje aleine. Det kan bli triveleg med hundre studentar på kjøkkenet.

 

Mange førsteårsstudentar har søkt om å få bu der, men studentsamskipnaden har satsa på ei blanding av ferske og røynde bebuarar. På grunn av opphavet til prosjektet vil alle rom i huset få namn etter Europan-byar.

 

Sjå huset under bygging her.