Nyhet

Flytende badstue av gjenbruksmaterial

Ved kaia i Longyearbyen flyt SvalBad med soveromsvindauge for panoramautsikt og blomsterpanel frå 1980-talet. 


Fra papirutgaven Arkitektnytt 04/2020
Badstua har fått namnet SvalBad. Longyearbyen havn skal drifte og gjere den tilgjengeleg for alle. Badstua er bygd slik at det skal vera mogeleg å snu- og flytte den etter sesong og vêrtilhøve. Arkitektstudentane var òg på tur til Svea, der henta dei panel med svalbardblomar som speidarar måla på 1980-talet. Knaggar og lufteluker frå Svea er òg på plass i badstua. Foto: Line Nagell Ylvisaker

Kvar tysdag morgon, heile året, stiller LPO Arkitekters Svalbard-kontor på stranda. Dei riv av seg alle kleda og spring ut i det iskalde vatnet. I byrjinga av mars var ei gruppe arkitektstudentar med. No flyt ei ny badstue ved kaia litt lenger borte, det første konkrete prosjektet bygd av rivingsmaterialar frå skredutsette bygg i Longyearbyen.

– I miljøkrisa me står ovanfor, er det utruleg relevant å kunne ta i bruk gjenbruksmaterialar. Å måtte bruke dei verktya me får tildelt til å laga noko vakkert, er ei stor utfordring i formgjevingsprosessen. Det gjev ei avgrensing, men òg ei spanande utfordring som eg trur me arkitektar kan lære frå, seier masterstudent Amanda Sophie Holst ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

Bygge i praksis

In balance-kurset ved AHO vart i fjor kopla på LPO Arkitekters sirkulærprosjekt Rett plass rett form, som Arkitektnytt skreiv om i februar. 

– I desember snakka me om å bygge noko saman med studentane. Rivinga av dei første bustadene i Longyearbyen var allereie i gang, så me hadde stor tilgang på material, men ingen konkrete byggeprosjekt. Då kom det opp at me ikkje hadde badstue, seier arkitekt Lilli Wickström i LPO Arkitekter. 

Då hamnesjef Kjetil Bråten kom forbi arkitektkontoret i samband med eit anna prosjekt, viste det seg at han hadde ein flåte han skulle bygge av gamle røyr. Han hadde tidlegare vore i kontakt med den lokale badeklubben Ispinnene som ynskja ei badstue men ikkje fekk pengar til det. Kunne det vera mogeleg å byggje ei flytande badstue ved kaia?

Designa under riving

Det vart utlyst ein teiknekonkurranse ved In balance-kurset, der seks bidrag kom inn. Arkitektstudentane rekna på bæreevne, vind og snødrift, og før dei sette seg på flyet til Longyearbyen, øvde dei på å byggje modular av gjenbruksmateriell. 

Svalbard-arkitekt Ingvild Sæbu Vatn fortel at design måtte skje nesten parallelt med at bustader vart sanerte. LPO tok den koordinerande rolla som arkitektørar. Dei fann ut kva material som skulle rivast og høyrde med studentane kva dei trong. Deretter informerte dei om kva material det var mogeleg å få tak i. Til dømes kunne studentane velje mellom entre- og soveromsvindauge til vindaugsmodulen som skulle sikre utsikten mot Hiorthfjellet. Resten av badstua måtte teiknast ut frå den.

– Arkitektstudentane teikna samstundes som det vart rive, og bygde like etterpå. Det vart ein veldig fortetta prosess som gjorde kommunikasjon viktigare enn elles, og som kravde vilje og dugnad i alle ledd, seier Vatn.

Det var 26 minusgrader då Ingvild Sæbu Vatn (t.h.) og Lilli Wickström hogg seg gjennom isen ved hamna i Longyearbyen 17. mars. Dei badar kvar tysdag morgon heile året. Foto: Line_Nagell_Ylvisaker

Plukka spiker i 20 minus

Før dei 16 studentane og undervisarane kom til byen, hadde LPO invitert lokale til dugnad. Dei sto i mørkret i 20 minusgrader med isbjørnvakt sorterte trevirke og drog ut spiker, og dei frakta vindauge og panel frå Lia til verkstaden. 

Professor Tine Hegli ved AHO fortel at gjenbruk fører til mykje ekstraarbeid i alle ledd, noko ingen i bransjen betalar for i dag. Men Longyearbyen har ei dugnadsånd som gjer det mogeleg å få gjennomført slike prosjekt. I tillegg har LPO fått støtte frå Designdrevet innovasjonsprogram til Rett plass rett form, som kunne brukast til pilotprosjektet. 

Hegli har tidlegare jobba mykje med bærekraft, energieffektivitet, plusshus og prosjekt med nullutslepp i Snøhetta.

– Om me skal nå 1,5 gradersmålet for global oppvarming, må me bruke om att material i tillegg til å sjå på energiforbruk. At det kjem studentar på marknaden no med ny giv og kreativitet, og som kan gå i førarsetet for ein ny type estetikk, er gull verd. Me må la oss overraske og imponere over anna enn glossy hytter med listfrie detaljar, seier ho.

Professoren meiner gjenbruk handlar både om pragmatikk og verdisett.

– Me som arkitektar må ta utgangspunkt i dei materiala me har når me går til skisseblokka. Ingen av studentane klaga på dei stramme rammene materialarkivet gav. Utfordringa gjorde at dei auka den kreative kapasiteten, seier ho. 

Byggje for gjenbruk

Badstua skulle byggjast slik at materiala og elementa kan brukast på nytt. 

– Det vart utfordrande å få til tilstrekkeleg vindtetting. Aller helst ville me tette bygget utan fugemasse og anna som gjer at modulane ikkje kan brukast på nytt seinare. Me må finne enkle konstruksjonsmåtar som gjer det mogeleg. Det bør me nok sparre med leverandørar og snikkarfirma om, seier Vatn.

Under arbeidet brukte dei spikarpistol med spiker laga av tre, noko som skal hindre at andre må stå og plukke spikar etter dei seinare.

– Badstua er eit fint eksempel på kva me kan få til, men òg kva utfordringar som finst. Neste steg blir å sjå på kva som vil kome av tekniske krav og byggesak i større bygg, seier Wickström.