Fjordbyen til fots
Korleis blir turen frå Middelalderparken til Frognerkilen? Tre framlegg til utforming av Havnepromenaden i Oslo blir å sjå på utstilling i neste veke.

Staden er Tjuvholmen allé 17, like ved utsiktstårnet Tjuvtitten, og tida er frå onsdag 30. januar til søndag 17. februar. Kryss av i almanakken om du skulle ha noko så aparte.
Moglege løysingar
Den ni kilometer lange promenadegata i hovudstaden skal gå frå Frognerkilen i vest til utløpet til Alna i Bjørvika i aust, og tre grupper har no utarbeidd framlegg til planprinsipp for utforminga. Det er White og Rodeo med fleire, Gullik Gulliksen og Kristine Jensen Tegnestue med fleire samt Ghilardi+Hellsten og Studio HP med fleire. I alt 18 tverrfaglege grupper meldte seg med interesse for å delta i parallelloppdraget.
Sidan det dreier seg om parallelloppdrag, og ikkje konkurranse, blir det ikkje kåra nokon vinnar. Målet med oppdraget er å få fram eit breitt spekter av idear og moglege løysingar for gjennomgåande designelement og aktivitetar langs promenaden, både mellombels og permanent, og der ein tek omsyn til både grunneigarane og deira interesser og pågåande prosessar, opplyser Fjordbyenheten.
Møte med vatnet
Fjordbyplanen vart vedteke i Oslo bystyre 27. februar 2008, og i den er det lagt føringar for promenadegata. Ho skal ha ein gjennomgåande struktur som eit av dei berande elementa i Fjordbyen, følgje sjøen og by på varierte møte med vatnet, vere offentleg tilgjengeleg heile døgnet for ulike brukargrupper og ha den naudsynte breidda for trafikken.
Er du nysgjerrig, eller ønskjer å delta i drøftingar og debatt om utforminga av dette heilt sentrale elementet i utviklinga av hovudstaden, møt fram på Tjuvholmen mellom 30. januar og 17. februar. Utstillinga er open alle dagar, klokka 11–16 frå måndag til fredag, og klokka 12–16 laurdag og søndag.